Pastry Chef - video work

Beskrivelse: 

Introduksjonsaktivitet til konditoryrket. Elevane jobbar med videoklipp der ein australsk konditorlærling fortel om yrkesvalet sitt, kva oppgåver ho har hatt som lærling og kva ein konditor typisk gjer. Elevane jobbar med vokabular og spørsmål knytt til videoklippet.

Ein startar opp med å snakke kort om kva ein konditor er og kva elevane kjenner til om yrket. Elevane får utdelt/tilgang til worksheet 1 og 2. Ein startar med å fylle ut worksheet 1 med glossary (lurt å gjere dette med blyant, slik at ein kan rette opp om ein bommar). Derretter ser ein videoen i fellesskap i klasserommet. Elevane sjekkar om glossary i worksheet 1 stemmer med det Sarah Neil seier. Og ev. fyller ut så mange av spørsmåla dei klarer på worksheet 2. Etterpå kan elevane sjå videoen fleire gonger på eigen pc, for å få med seg detaljane. Til slutt oppsummerer ein i fellesskap og diskuterer svara og kvifor elevane i klassa har valgt konditorfag eller ikkje.

Oppgåva er tenkt som timeaktivitet som introduksjon til temaet konditorfag, den er ikkje tenkt som vurderingssituasjon.

Projektor, pc og skjerm ev. elevpc'ar med høyretelefonar. Worksheet 1 og 2 i papirutgåve eller i digital versjon (på læringsplattform). Videoklipp tilgjengeleg i læringsplattform.