Eksempelrapport for Helse- og oppvekstfag

Beskrivelse: 

Elevane treng gode døme, slik at dei veit korleis ein rapport skal setjast opp og korleis ein skal byggje opp innhaldet.

Dette er eit døme på ein rapport der eleven har jobba med mål om personleg hygiene. Den syner avgrensing av mål og grunngjevingar.

Dei ulike delane av rapporten er markert med ulike fargar, for å vise kva som er rapporthovud, innleiing, hovuddel og avslutting.

Rapporten er tenkt som døme, og kan nyttast på ulike måtar. Til innleiing om rapport (den kan hentast opp på skjerm og brukast som demonstrasjon), eller eleven kan få den utdelt og nytte den når eleven skal i gang med eigne rapportar.

Teksten ligg både som Word og PDF. Eit Word dokument kan nyttast direkte, og kan fungere som ein mal å skrive i. Ein PDF er greiare å bruke til døme og demonstrasjon. Har ein mål om at elevane skal bli gode på å utforme eigne dokument frå grunnen av, er PDF det beste å bruke.

Lærarar har ulike krav til kva innhald som skal vere med. Denne rapporten legg vekt på at eleven skal syne samanheng mellom teori og praksis. Rapporten viser kva fagkunnskap som ligg til grunn for det eleven har utført i praksis, og ei vurdering av eleven si nytte av dette.

Mange ville kanskje ynskje at eleven synte meir av det ho/han har gjort, men ofte vil dette gje same resultat, berre at eleven legg dette fram som sitt eige materiale. Ei av dei store utfordringane vi har når det gjeld rapportskriving er at elevane ikkje godt nok synleggjer at dei har brukt kjelder. Med denne rapporten syns kjeldene godt, samstundes som eleven får vist at teorien vert brukt til praksis og læring.