Eksempelrapport - større rapport i Prosjekt til fordjuping - Helse- og oppvekstfag

Beskrivelse: 

Mange elevar spør etter ein rapport som er ferdig skriven, for å sjå kva me lærarar ynskjer skal stå i rapporten. Me gir gjerne elevane ein mal, men for mange kan det vere vanskeleg å vite kva ein skal skrive, korleis ein skal skrive det og formulere seg.

Me har kan hende rapportar som elevar har skrive, men så er me gjerne ikkje heilt fornøgde med det som er gjort, og har derfor ikkje så lyst å levere ut desse. Dette er eit forsøk på å lage ein rapport slik me ynskjer det skal vere på Vest-Telemark vidaregaånde skule i helse- og oppvekstfag. Andre har sikkert andre måtar å gjere det på, men her er vårt forslag.

Teksten er bygd opp etter malen som elevane har brukt i lengre tid. Den er ikkje fullstendig, men syner forslag til korleis elevane kan jobbe vidare med den.

Inni teksten er det sett inn "bobler" med forklaringar, tips eller forslag til korleis eleven kan jobbe vidare med tekstavsnittet.

Du finn teksten i både PDF-format (fint å bruke som døme) og i Word-format (kan brukast som mal for vidare skriving eller erstatte med eigen tekst). Som faglærar vil eg ikkje bli særleg begeistra viss eleven leverer noko av den eksisterande teksten som sitt eige materiale. Då er det ikkje mykje grunnlag for å vurdere eleven sitt arbeid.

Teksten brukast som eksempeltekst når eleven sjølv skal skrive sin eigen rapport frå Prosjekt til fordjuping.

Oppsettet har vi nytta oss av i årevis, men denne teksten er heilt ny, så eg blir veldig glad for tilbakemeldingar viss du brukar den.

NB! Måla i programfag her på NDLA er henta frå vg1 - som eit døme - her vil alle mål frå vg3 (i alle programområde) kunne vere gjeldande. - og eigentleg er det læreplan i Prosjekt til fordjuping som ligg i botn.