Internasjonalt samarbeid gjennom ungdomsbedrift

Skuleåret 2013-2014 deltok elevar i medium og kommunikasjon på vg2 i eit samarbeid med elevar på andre linjer i Sverige, Spania og Italia.

Denne filmen viser læringsutbytte av å samarbeide på tverss av landegrensene. Filmen er planlagt, innspelt og produsert av medieelevar på Mo og Jølster vgs, no Hafstad vgs.

Digital kompetanse
Samarbeidet var mogleg ved bruk av Facebook, skype og andre former for digital kommuniasjon. Dette handla om import, salg og marknadsføring - men poenget var i stor grad det å jobbe i lag med sine fag gjennom praktisk entreprenørskap.

Prosjektet var tverrfagleg, då all kommunikasjon var på engelsk, både i planlegging og gjennomføring.

Lang veg, stort utbytte
For å kunne få til eit slikt prosjekt må ein ha kontakt med lærarar i andre land. Ein må også motivere elevane til å delta, slik at dei i størst mogleg grad har kommunikasjon med samarbeidsskule i utlandet.

For å gjennomføre ein utveksling så er det også viktig å ha ein finansiering, anten gjennom inntekter frå ungdomsbedrift, eller gjennom fylkeskommune eller andre prosjektmidlar. Dette kan ta like lang tid som å planlegge prosjektet, men er veldig givande for deltakarane. Det å møtes er noko anna enn å snakke saman digitalt.

Samarbeidet som er vist her var nominert til 1 av dei fire beste i verden i Fex Ex sin internasjonale konkurranse i 2014.