Planning activites for different age groups

Beskrivelse: 

Dette er eit undervisningsopplegg for VG1 Helse- og oppvekstfag, der elevane skal planlegge aktivitetar og måltid for ulike aldersgrupper. Elevane skal presentere dette som ei munnleg framføring. Målet med opplegget er at elevane skal nytte yrkesfagleg kunnskap, øve munnlege dugleikar og gi ein presentasjon av eit yrkesfagleg emne. Elevane får med dette opplegget ei øving i munnleg engelsk, det å halde ei framføring og å presentere eit yrkesfagrelatert emne.

Målet med opplegget er at elevane skal nytte yrkesfagleg kunnskap, øve munnlege dugleikar og gi ein presentasjon av eit yrkesfagleg emne.

Elevane jobbar i par eller i grupper på tre. Når det gjeld vurdering kan anten læraren setje opp vurderingskriterie for munnleg framføring på førehand, eller setje desse opp saman med elevane. Det vil kanskje vere naturleg at elevane får karakter på arbeidet sitt, sidan det tek ein del tid å jobbe med framføringa.