An HMS project in Agriculture and horticulture and Equestrian and farrier activities

Beskrivelse: 

Elevane skal førebu ein presentasjon om helse og sikkerheit i eit område innan landbruk/hestefag for ei tenkt målgruppe - the Young Farmer's Club. Elevane skal jobbe i par. Målet er at dei skal betre engelskkunnskapane sine om HMS, men også bli meir merksam på eigen og andre sin tryggleik både i heimen, på garden og på skulen. Opplegget øver lesing som grunnleggande ferdigheit, evna til å organisere og framstille informasjon - også skjematisk - og har elles fokus på munnlege ferdigheitar.

Læringsmål:

Elevane skal:

  • øve seg i digitale verktøy og bruke ulike kjelder på ein sjølvstendig, kritisk og ansvarleg måte
  • lære om og forsterke tryggleiksprinsippa knytta til yrkesfaga sine
  • øve yrkesretta vokabular
  • munnleg presentere eit yrkesfagleg relevant emne og på den måten formidle informasjon til resten av klassen

Førebuing:

  • Det er ein god ide for læraren å bli kjent med HES-nettsida
  • Læraren bør sjekke ut data på HES-nettstad. (sjå lenkane)
  • Finn og skriv ut artikkelen fra «Farmers’ Weekly». (sjå lenk)
  • Skriv ut prosjektarket

Læringsaktivitetar:

Første økt (90 minutt)

1 Idédugnad med tankekart på tavla: Dei farlegaste jobbane (generelt). Jobbar eller område som kan komme opp: the armed forces, fire brigade, bodyguard, jockey, minimg, construction/building, police , bomb disposal, oilrig work, fishing, deep sea diving, air ambulance, quarring, farming, lumberjack, osb.

2 Idédugnad med tankekart på tavla: Kva er den farlegaste jobben i Storbritannia? (Svaret er landbruk). Kvifor er det slik? Årsakene kan vere: working with big machinery, working with large animals, working alone, working for yourself, 24/7 job, work in all weathers, stress, being tired and stressed can make you less careful, don’t have the same safety mindedness when working for yourself, taking shortcuts to save time, doing tasks without thinking, farm workers can be young and inexperienced, or past normal retirement age

3 Les gjennom (Farmers Weekly-artikkelen Farming Still UK’s Most Dangerous Job (sjå Ressursar)
Sjå etter data i artikkelen og i dei tekstane som finns i nettressursane på HSE sine nettsider (sjå Ressursar), til dømes døde per 100 000 i landbruk, anlegg og industri :

Health and Safety Executive Figures for 2010-2011:

  • Agriculture: 9.9 deaths per 100,000
  • Construction: 2.3 deaths per 100,000
  • Manufacturing:1.0 death per 100,000

Framstill desse data i sektordiagram. Sjå illustrasjon som vedlagt fil

4 Gjennomgang av oppgåva. Sjå Worksheet for pupils - describing the project- Elevane startar oppgåva.

Andre økt



- Elevane skal fortsetje med førebuing av presentasjon.
- Lærar rettleier og observerer gruppeaktiviteten og elevane.

Tredje økt

- Elevane skal fortsetje med førebuing av presentasjon.
- Lærar rettleier og observerer gruppeaktiviteten og elevane.

Fjerde økt

- Elevane presenterer arbeidet.
- Elevane fyller ut eit enkelt risikovurderingsskjema for ei av dei gruppene som har presentert (eksempel gitt i prosjektskildringa).

Heimearbeid inngår i prosjektet.

Elevane reflekterer over:

  • HMS-reglar og korleis disse blir overholdt
  • Behov for engelsk i yrkeslivet

Skal vurderast med karakter.

Bruk vurderingskriterier:

  • Kunnskap/Innhald
  • Presentasjon/Kommunikasjon
  • Språk
  • Tilbakemelding på framføringa – skriftleg eller munnleg