Behandling av spesialavfall og miljøgifter på bilreparasjon

Beskrivelse: 

Ei samarbeidsprosjekt i faga dokumentasjon og kvalitet, engelsk og norsk. Elevane skal få kunnskap om kva spesialavfall ein finn på ein verkstad og korleis denne skal handsamast. Elevane skal også lage ei liste over spesialavfall på engelsk med norsk oversetting. Dei skal også kunne utarbeide ein plan for korleis dei vil handsame spesialavfall på ein verkstad. Dette skal presenterast munnleg.

  • Del elevane inn i grupper på tre
  • Gå gjennom verkstaden og sjå på kva spesialavfall ein har
  • Lag ei liste over spesialavfall på norsk og engelsk.
  • Besøk på ein bilverkstad for å sjå på alternative avfallssystem.
  • Utarbeide ein plan for behandling av spesialavfall på eigen verkstad.
  • Munnleg presentasjon og formidle kva dei har lært om avfallshandtering

 

  • Vurdering i engelsk: flyt, uttale, ordforråd, formulering, idiomatikk, struktur, framføringsteknikk.
  • Vurdering i norsk: rettskriving, språk og formuleringsevne
  • Vurdering i dokumentsjon og kvalitet: korleis dei gjer seg nytte av/bruker relevante lovverk, kjenne til konsekvensane av lovbrot.

Karakter i kvart enkelt fag som er grunnlag for terminkarakter.