Computer electronics and health, safety and environment

Beskrivelse: 

Elevane skal reflektere over korleis helse, miljø og tryggleik spelar inn i sitt framtidige yrke. Elevane skal tenkje over kva potensielle risikoar dei kan støte på i yrket sitt. Dei skal også jobbe med kva tryggingstiltak og utstyr dei brukar i jobben, og kva dei sjølve kan gjere for å unngå helseproblem.

Grunnleggjande dugleik; å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg.

Elevane reflekterer over helse, miljø og tryggleiksproblemstililngar dei kan kome over i sitt yrke som dataelektronikar. Dei skriv ned ei liste over risikoar dei meinar dei kan bli utsette for i yrket sitt. Vidare reflekterer dei over kva tryggingstiltak dei må forholde seg til i yrket, og ev. kva tryggleiksutstyr dei treng. Dei skal også tenkje over om dei kan velje vekk tryggingsutstyr og kva ev. konsekvensar det kan ha. Til slutt skal elevane reflektere over korleis dei sjølve kan førebygge ulukker og helseproblem.

Oppgåva er tenkt som ein skriftleg/munnleg klasseromsaktivitet. Læraren kan t.d. velje å dele klassen i par eller grupper for refleksjon og samtale, eller ta diskusjonen samla i klassen. Ein kan også nytte oppgåva som ei reflektivt skriveoppgåve. Det er også mogleg å nytte oppgåva i samband med praksis/utplassering.

Om læraren vel å nytte opplegget som munnleg aktivitet, kan ein velje om det skal vurderast formelt eller ikkje. Er opplegget gjennomført som skriftleg oppgåve, kan kanskje formell vurdering vere aktuelt. Det same gjeld om oppgåva har vore nytta i samband med utplassering/praksis.