How to operate a construction machine

Beskrivelse: 

Kort differensiert skriveoppgåve om anleggsmaskiner. Elevane skal skrive kort om ei valfri anleggsmaskin, og gi ei kort beskriving av kva maskina blir brukt til og korleis denne fungerer. Elevane skal også skrive noko om korleis ein brukar maskina på ein trygg måte. Oppgåva kan også vere utgangspunkt for ein munnleg aktivitet.

Grunnleggjande dugleik: å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg.

På førehand har klassen gått gjennom ulike anleggsmaskiner (dei mest vanlege) på ein anleggsplass, og laga ei gloseliste saman. Elevane skal førebu seg på å fortelje om anleggsmaskiner til 10.klasse (t.d. i samband med utdanningsval). I utgangspunktet er oppgåva tenkt som ei differensiert skriveøving, men kan også nyttast som munnleg aktivitet. Elevane jobbar individuelt med oppgåva.

Som skriftleg arbeid kan ein vurdere teksten formelt ut frå skriftlege kriterium. Som munnleg aktivitet kan det vere aktuelt å vurdere framlegginga formelt. Elles kan ein nytte aktiviteten skriftleg eller munnleg som del av klasseromsaktiviteten i klassen, utan noko formell vurdering.