Forestry - Timber Production

Beskrivelse: 

Elevane jobbar med å lese og forstå fagtekst om tømmerproduksjon samt fagvokabular knytt til dette. Tema er skogsplanting og det arbeidet som krevst i førebuing og vedlikehald av plantefelt. I tillegg lærer elevane om ulike vanlege tresortar og deira karakteristikkar og bruksområde. Elevane får øving i dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving.

Elevane får utdelt "New Forest Fact File - Timber Production and Uses". Dei les teksten (s. 1 og 2) ved hjelp av lesestrategiar. T.d. får elevane utdelt nokre post-it-lappar (ein for kvart avsnitt i teksten). Elevane les først eit avsnitt og skriv ei kort setning der dei skriv ned det dei syns var viktigaste informasjonen i avsnittet. Slik fortset dei med alle avsnitta i teksten. Til slutt sit dei att med fleire post-it-lappar som tilsaman utgjer ei oppsummering av teksten.

Vidare får elevane utdelt "vocabulary" arket der dei les gjennom teksten ein gong til, og nyttar ordbøker m.m. til å finne ut kva dei ulike orda og uttrykka betyr i samanhengen dei er nytta i teksten.

Til slutt i økta kan ein ta ei munnleg oppsummering av teksten.

Om ein vel å jobbe med s. 3 og 4 i pdf-dokumentet kan ein gjere det på liknande måte. T.d. ved å nytte "vocabulary" ark nr. 2.

Det er ikkje lagt opp til noko formell vurdering i dette undervisningsopplegget, det er tenkt som ei øving i å lese fagtekst og øve fagvokabular.