Teikneseriar - kva og korleis fortel dei?

Beskrivelse: 

Arbeid med teikneseriar etter læringsmål om samansett tekst. Lærar kan velje å dele klassen i grupper eller å la elevane jobbe åleine. Arbeidet kan munne ut i munnleg presentasjon med samansett tekst, skriftleg analyse eller ein læringsdiskusjon. Ein kan også ha kombinasjonar av desse.

Klassen kan få forskjellige alternativ til korleis dei vil arbeide med emnet, eller lærar kan plukke ut ei oppgåve som alle skal arbeide med.

Alternativ 1

Presenter ein teikneserie.

a) Velg ei eller fleire striper i frå Nemiboka Monstre og meteorer. Bruk stripa/stripene til å forklare innhaldet og utforminga av serien:

  • Personar og miljø
  • Karakteristikk av korleis personar og figurar er teikna
  • Korleis er biletutsnitt og biletvinklar utnytta?
  • Kva uttrykkjer teksten: replikkar, tankar, lydar..
  • Kva verkemiddel er nytta for å uttrykkje kjensler?
  • Kva verkemiddel er nytta for å uttrykkje rørsle?
  • Korleis er forholdet mellom tekst og bilete? Seier teksten noko anna enn det vi ser på bileta?

b) Korleis vil du beskrive haldningane til personane i stripene, for eksempel til alkohol og ungdomskultur?

Dette skal presenterast for klassen. Ein må lage ein presentasjon og ikkje berre forklare det ein har funne ut, men også vise til konkrete funn i teikneserien med å vise bilete. Del b). skal også vere ein del av presentasjonen.

Alternativ 2

Lag ein teikneserie; ein einsidar eller ei stripe. Bruk gjerne

Lag dykkar eiga historie eller bruk ei kjend forteljing/ eventyr/ myte.

Kva verkemiddel har de brukt for å lage teikneserien?

  • Kva personar og miljø vil de vise?
  • Korleis gjekk de fram for å lage personar og figurar?
  • Korleis har de utnytta biletutsnitt og biletvinklar?
  • Kva verkemiddel har de nytta for å uttrykkje kjensler?
  • Kva verkemiddel de nytta for å uttrykkje rørsle?
  • Korleis er forholdet mellom tekst og bilete? Seier teksten noko anna enn det vi ser på bileta?
  • Kva verkemiddel nyttar de for å få fram temaet/ bodskapen?

Teikneserien skal lastast opp på læringsplattforma og leverast til lærar. Når det gjeld bruk av verkemiddel, skal dette vere ein munnleg presentasjon for klassen.

Alternativ 3

a) Vel ut ei enkeltrute i frå Nemiboka Monstre og meteorer og sjå nærmare på komposisjonen (oppbygninga) av bildet. Stikkord er:

  • Kva viser bildet? Kva skal det fortelje?
  • Forgrunn og bakgrunn (eventuelt også mellomgrunn)
  • Djupn
  • Linjer i biletet
  • Kontrastar
  • Lys og skygge
  • Forskjellige tolkingsmogelegheiter

b) Sjå på fleire striper. Korleis blir etter ditt syn enkelte grupper av menneske (til dømes born, kvinner, menn, innvandrarar, eldre) framstilt i stripene?

Del a). skal skrivast som ein analyse og leverast på læringsplattforma. Del b). skal vere ein gruppediskusjon i klassen der alle får i oppgåve å finne ei stripe og presentere.

Alternativ 1 kan vurderast som ein munnleg presentasjon der både innhald og sjølve framføringa skal telje.

Alternativ 2 kan vurderast etter kunnskapen elevane viser om verkemiddel og refleksjonen rundt bruken av verkemiddel.

Alternativ 3 kan vurderast som ein skriftleg analyse av ein samansett tekst og munnleg som ein diskusjon der ein skal visde fagleg kunnskap om eit emne.