Working with picture books

Beskrivelse: 

Differensiert skriveoppgåve som tek for seg biletbøker. Elevane jobbar med kvar si biletbok og ser på korleis bilete og tekst er brukt, farge, uttrykksmåtar og balanse mellom tekst og bilete. Oppgåva dekkjer dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving. Sluttproduktet er ein analysetekst.

Lærar sørgjer for å ha for handa ein stabel engelske biletbøker, og elevane vel seg ei av desse. Ev. får elevane i førebuing til timen å finne ei engelskspråkleg biletbok på biblioteket. Lærar og elevar samtaler kort om kva biletbøker er, og forholdet mellom bilete og tekst, samt ein repetisjon av kva samansett tekst er.

Elevane får utlevert oppgåvearket, og dette blir gjennomgått. Elevane følgjer instruksen i oppgåva. Det er viktig at elevane først ser på tekst, så bilete og til slutt heilskapen. Elevane byrjar å jobbe med skriveoppgåva. Det kan vere lurt å minne dei på at det skal vere ein samanhengande tekst.

Opplegget har vore brukt hos barne- og ungdomsarbeidarfagselevar, men kan vere relevant for design og handverk og medier og kommunikasjon. Elevane leverer inn oppgåva si, og får formell vurdering på denne ut frå i kva grad dei har oppfylt krava i oppgåveteksten og språk og tekstbygging.