Arbeid med faguttrykk

Beskrivelse: 

Dataelektronikarfaget brukar mykje engelsk i fagspråket. Dette opplegget tek sikte på å få elevane til å bli medvitne på språkbruken, og få dei til å tenkje over om dei kan bruke norske ord og uttrykk som seier det same som dei engelske uttrykka. Dette kan inngå som ein del av arbeidet med språk i endring. Opplegget tek ikkje sikte på formell vurdering, men ein uformell diskusjon i klassen.

Dele inn klassen i grupper på to eller tre. Få dei til å notere ned faguttrykk frå engelsk som dei nyttar i sitt fag. Dette omgrepet skal forklarast på norsk, og så kan dei prøve å finne eit norsk erstatningsord. Etter dette skal gruppene presentere ord for kvarandre og gjerne samanlikne om dei har like ord.

Målet er å få elevane til å reflektere over språket i ein uformell klassesamtale.