Formelt brev. Dataelektronikk og norsk

Beskrivelse: 

I programfaget dataelektronikk får elevane i oppgåve å levere eit skriftleg tilbod til ein skule som skal flytte inn i nye lokale. I firmaet som skal levere tilbodet får eleven rolla som IKT-ansvarleg og skal vurdere kva utstyr skulen treng, kva type oppkopling skulen må ha og dimensjonere denne. Det heile skal formulerast som eit formelt brev. Brevet skal vere skrive på ein slik måte at også ein som ikkje er datakyndig kan vurdere løysinga.

Målet er at elevane klarer å dimensjonere og tilby eit godt datasystem for skulen samstundes som dei klarer å stte opp eit formelt brev og der vise at dei kan argumentere for sitt val av utstyr.

I programfaget jobbar elevane med den konkrete oppgåva, og det å finne ut kva kunden treng for å fylle sine behov. I norskfaget jobbar ein med korleis ein skal sette opp formelle brev, og korleis språkbruken skal vere.

Programfaget vurderer det faglege innhaldet og norskfaget vurderer dei formelle breva når det gjeld form, språk og oppsett.