Tilbod til grafisk formgjevingsfirma. Samarbeid dataelektronikk/norsk

Beskrivelse: 

Ei samarbeidsoppgåve mellom dataelektronikk og norsk. Elevane skal vurdere behovet for utstyr i eit firma som driv med grafisk formgjeving (reklamebyrå, avis o.l.) og levere eit tilbod der dei skal levere ein pc (NB!. Ikkje Mac.) som er spesialtilpassa dei behova kunden har.

Elevane skal vurdere og bestemme seg for kva komponentar som trengs, dei skal setje det inn i eit rekneark og skrive eit tilbodsbrev. Elevane skal også prøve seg som seljarar. Dei må lage ein presentasjon av løysinga si, og presentere den for kundane. I dette tilfellet er kundane resten av klassen.

I programfaget arbeider elevane med å finne den beste løysinga ut frå bedrifta sine behov og å argumentere for vala sine. I norsk inngår opplegget som ein del av arbeid med presentasjon, argumentasjonsteknikk og det å kunne skrive formelle brev.

Krav til innleveringa

  • Eit rekneark med oversikt over kva komponentar eleven har valt
  • Eit dokument som forklarer kvifor eleven har valt dei ulike komponentane og korleis han/ho vil kople dei saman
  • Eit tilbodsbrev, som inneheld informasjon til kunden om maskina og komponentane
  • Ein presentasjon (Prezi, Power point eller liknande) som skal brukast til å overbevise kunden

Både programfag og norsk er tilstades på framføringa og vurderer kvar sine delar.

Programfaget vurderer:

  • Kva komponentar eleven har valt og grunngjevinga for vala
  • Pristilbod/rekneark
  • Samsvar mellom komponentane

Norskfaget vurderer:

  • Formelt brev
  • Framføring og presentasjon