The Digestive System

Beskrivelse: 

Elevane jobbar tverrfagleg med fordøyingssystemet. Dei lærer vokabular knytt til tema samt bruk av ordbok. Vokabularet dei tileignar seg skal dei bl.a. nytte når dei skal skrive ein faktatekst om fordøyingssystemet. Dei øvar dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving.

Programfagslærar i helsefremjande arbeid har i sine timar gått gjennom temaet fordøyinga for å få den faglege forankringa. Engelsklærar førebur vokabularøvinga. Elevane jobbar med vokabulararket (s.3 i vedlegget) og nyttar ordbøker (både digitale og tradisjonelle ev. medisinsk ordbok) for å finne fram til orda dei treng. Lærar rettleiar på uttale av orda.

Lærar og elevar repeterer kva som krevst for å skrive ein faktatekst, tekstbygging og språk m.m. Elevane byrjar å jobbe med skriveoppgåva. Skriveoppgåva er differensiert, der ein del skal vere med og ein del er frivillig. Om elevane berre jobbar med oppgåva på skulen, eller har det som lekse må lærar ev. vurdere i høve klassen.

Programfagslærar vurderer det faglege innhaldet i oppgåvene til elevane, og engelsklærar vurderer språk, tekstbygging og struktur i teksten. Elevane får formell vurdering. Om elevane er ukjend med faktatekstskriving kan prosesskriving vere ein framgangsmåte. Då leverer elevane førsteutkast som dei får rettleiing på og som dei jobbar vidare med før dei leverer ein endeleg tekst. Den endelege teksten får formell vurdering.