Tut og køyr - arbeid med samansett tekst

Beskrivelse: 

Opplegget tek sikte på å gi elevane erfaring med samansette tekstar, både å lese og vurdere slike tekstar, samt å sjølve produsere slike tekstar. Elevane får også trening i å formidle munnleg framfor ei forsamling.

Opplegget tek også sikte på å gje elevane ein sjanse til å produsere ein fagtekst knytt til eige programområde. Her kan dei sjølve velje kva fagområde dei vil leggje vekt på. Samstundes får dei også erfaring med å produsere og publisere ein samansett tekst.

DEI GRUNNLEGGANDE FERDIGHEITENE:

Elevane skal trene på:

  • munnleg: å lytte, å uttrykkje seg, å samtale om samansette tekstar
  • skriftleg: å framstille ein sakprosatekst knytt til programområdet
  • lesing: å bli betre kjent med tekstar som er relevante for yrkesfaget dei har valt, og samstundes bli kjent med sakprosa og denne tekstkulturen
  • digitale verkty: erfaring med å produsere, komponere og ev. publisere ein samansett tekst

Sluttproduktet skal vere ein artikkel med bil som tema. Må vere i same sjanger som ein typisk artikkel du finn i eit bilblad.

Lærar må avgjere om opplegget skal brukast som introduksjon til emnet samansette tekstar, eller om det er mest teneleg å ha gjennomgått fagstoff om slike tekstar først.

Lærar tek med seg eit variert utval av bilblad til første timen, som elevane parvis skal bla i, samtale om og finne inspirasjon frå. Lærar peikar på nokre skilnader i utforminga av blada som elevane kan sjå etter og vurdere, t.d. layout, bruk av bilete, mengde tekst, introduserande tekst osv. Kven er målgruppa for bladet?

Ein gjennomfører ein "bladstafett" der alle elevpar minst får sjå på tre ulike blad.

Avslutningsvis drøftar ein i plenum korleis blada er like/ulike. Kva blad likte elevane best og kvifor.

Elevane får no i oppgåve å utforme sin eigen artikkel som ein samansett tekst.

Her kan lærar sjølv velge kva digitalt verktøy elevane skal bruke, office publisher, glogster (digital ”veggavis” som ein finn på nettet), eller ein klasseblogg der alle artiklane skal publiserast?

Det er eit krav at det skal vere ein samansett tekst, dvs. dei må nytte seg av minst to ulike uttrykksformer i teksten. Om dei nyttar kjelder til bilete o.l., er det viktig å oppgi kjelder, så her kan lærar gjerne seie litt om kjeldebruk og opphavsrett.

Elevane skal også presentere artikkelen for klassen når dei er ferdige, då skal dei seie noko om kvifor dei valde den spesielle bilen. Dei skal også seie noko om kva dei har tenkt om komposisjonen av artikkelen si, t.d. biletebruk, teksttype, tekstutforming, fargebruk osv. Kjeldeliste skal vere med.

Elevane skal også gjennomføre ei eigenvurdering som dei leverer i Fronter.

  • Her seier dei noko om arbeidsmåten, korleis var det å lage ein slik samansett tekst.
  • Kva tykkjer dei om produktet sitt, kva lukkast dei med, kva kan dei arbeide vidare med ved seinare høve?
  • Kva var bra med framføringa? Kva må dei jobbe vidare med til seinare munnlege presentasjonar.

Uformell vurdering i form av ros og ris i presentasjonssituasjonen (- undervegsvurdering.)

Formell vurdering med karakter på sluttproduktet, artikkelen og den munnlege presentasjonen – hovudvekt på artikkelen.