Exploring the Bloggosphere - Media and Communication

Beskrivelse: 

Elevane jobbar med bloggar som medium, der dei reflekterer over bloggar, ytringsfridom og etikk. Opplegget øver skriving som grunnleggjande dugleik og skal resultere i ei prosessorienert skriveoppgåve.

Blogger skriver på pc

Tine Solberg blogger.Foto: Heiko Junge

 

Læringsmål:

Elevane skal

  • kunne uttrykke seg skriftleg i ei av sjangrane artikkel, essay eller blogginnlegg
  • bruke eit tankekart som strategi for å planlegge tekstskrivinga
  • bli bevisst på blogg som sjanger
  • vise at dei beherskar kjeldekritikk

Førebuingar:

Her kan engelsklæraren og mediefaglæraren samarbeide, der mediefaglæraren tek for seg gjennomgang av blogg som medium. Det er også mogleg for engelsklæraren å ta for seg blogging, men då på eit meir generelt grunnlag. I hovudsak vil det vere engelsklæraren sin jobb å ta for seg det skrivetekniske.

Læraren/ane

  • Førebu oppgåver
  • Førebu materiale til gjennomgang av temaet blogg (inkl. kjeldekritikk)
  • Lage arbeids- og innleveringsmapper på læringsarenaen.

Elevane

  • Ha med pc.
  • Reflektere rundt blogg og blogging.

Læringsaktivitetar:

1. Generell gjennomgang av dei ulike bloggtypane og bloggen si rolle i samfunnet i dag. Er det nokre av elevane som er faste blogglesarar eller bloggar sjølv?

2. Repetisjon av skrivesjangrane artikkel, essay og blogginnlegg med fokus på og gjennomgang av oppgåvene elevane skal jobbe med:

Write an article, an essay or a blog-post where blogging is the main topic. Below there are some ideas for topics you can write about.

  • Blogs and youth culture
  • Compare blogs
  • Analyse a blog
  • Blogs and freedom of speech
  • Blogs and politics
  • The positive and negative sides of blogging
  • Who writes blogs?

Informasjonen til elevane om sjølve skriveoppgåva og noko bakgrunnsstoff finn du i oppgåvearket.

3. Repetisjon av kjeldekritikk (eksempla i oppgåvearket kan nyttas som utgangspunkt).

4. I skriveoppgåva skal elevane arbeide i dei tre fasane planlegge, skrive, revidere. Før skrivinga tek til jobbar elevane med tekststrukturering, og lagar eit strukturert tankekart om blogging.
Elevane nyttar tankekartet i prosesskrivinga, t.d. der ei av «boblene» i tankekartet utgjer eit avsnitt i hovuddelen av teksten. Nokre elevar kan ha nytte av å byggje opp teksten i eit skjema, jfr. Skrivetrappa av Margunn Mossige (NyGiv-hefte)

Elevane får undervegsvurdering på utkast til det ferdige produktet 1-2 gongar, t.d. ein gong der elevane vurderer kvarandre sine utkast, og ein gong der læraren gir tilbakemelding. Elevane får sluttvurdering med karakter på det ferdige arbeidet.
I eit samarbeid mellom engelsk- og mediefaglæraren vil engelsklæraren vurdere det skrivetekniske, medan mediefaglæraren vurderer det mediefaglege.

Sjølv om opplegget er tenkt til media og kommunikasjon, kan også andre klassar nytte oppgåvene, i og med at tema blogging er interessant i det samfunnet vi lever i no. Eg har bruk nokre av oppgåvene til VG2 kokk og servitør. Elevane her fann emnet interessant og relevant, men syns det var eit stort tema. Dei hadde behov for konkretisering.

Arbeidet med blogging kan t.d. inngå i eit tema om sosiale media. På VG2 kan også samfunnsfag vere involvert, med ytringsfridom, blogging og sosiale media og internasjonale konfliktar.