Kokk-servitør vg2. Restaurantbesøk - vudering av mat og service

Beskrivelse: 

Besøk på restaurant der elevane vurderer produktet, dvs. meny, mat, sørvis, miljø og pris. Vilkåret er at det finst ein restaurant på staden og at ein kan avtale ein overkomleg pris på førehand. Ein kan sjølvsagt søke skulen om tilskot for å dekke utgifter.

På førehand les elevane restaurantmeldingar/vurderingar, noko som det finst rikleg av i alle større aviser. Dermed lærer dei kva som skal leggast vekt på i ein slik situasjon. Dette bør også avtalast på førehand. Ein bør også lære elevane kva som er vanleg "folkeskikk" ved slike høve.

I tillegg til det elevane lærer innan kokk - servitøryrket, skal dette opplegget også kome norskfaget til gode. Elevane skriv, som tidlegare nemt, ei vurdering av produktet. Dette vert vurdert av norsklæraren i samarbeid med faglæraren.

Det er ikkje ved alle skular at dette opplegget kan gjennomførast. Då kan ein f. eks arrangere noko tilsvarande ved skulen.

Elevane sette pris på dette opplegget og synte stor entusiasme. Liknande opplegg kan også gjennomførast innanfor fleire bransjar/programfag.

Faglærar vurderar den faglege kunnskapen eleven får fram i høve restaurantbesøket. Norsklærar vurderer formidlingevne, oppsett og språk.