Praktisk oppgåve om prosent alkohol i ulike drikkevarer

Beskrivelse: 

Elevane skal bruke prosentrekning og rekne ut kor mykje rein alkohol det er i ulike drikkevarer og seinare samanlikne. Vatn og matolje gjer alkoholmengda lett synleg. Greit å diskutere resultata i etterkant.

Elevane jobbar i grupper. Nokre grupper jobbar mest med å finne prosentdelen av ei mengd, men ein kan differensiere med at nokre grupper også jobbar med å finne 100%.

Kvar gruppe treng: 4 tomme halvlitersflasker, millilitersprøyte, desilitermål, tilgang til vatn, matolje, merkelappar, penn, kalkulator og teip. (Tips: reinhaldarane på skulen har ofte eit lager med tomflasker dei har samla; spør om å få låne flasker av dei!)