Lage sin eigen straumforsyning

Beskrivelse: 

Det å lage sin eigen straumforsyning inngår i elektrofaget. Naturfagbiten i dette prosjektet handlar om HMT og trygg behandling av kjemikaliar.

Tverrfagleg samarbeid med lærarar på elektrofag er ein forutsetnad.

Denne fila viser heile vegen frå oppstart til ferdig produkt, der alle skritta i prosessen er beskreve.

Opplegget er basert på samarbeid med elektrolærar og er i første rekke eit prosjekt i elektro, naturfag bidreg med HMT og sikker behandling av syre/base. For naturfaglæraren er dette ein fin anledning til å vise korleis HMT praktiserast på laboratoriet.

Dette er lærerikt å vere med på for alle elevane som er involvert, dei får sjå korleis dei kan produsere sin eigen straumforsyning, og sjølv vere med å lage fleire av komponentane sjølve.

Ein trenger eit rom med avsug når ein skal etse kretskorta i straumforsyninga, utover dette er det vanleg sikkerheitsutstyr når ein brukar syre/base. ( Syrefaste hanskar og frakk)