Sweet tooth

Beskrivelse: 

Elevane jobbar med dessert- og bakeoppskrifter, der dei i prosessen tileignar seg fagbegrep, forståing for fagstoff og mål og mengder. Elevane skal reflektere over val av oppskrifter, omsetje desse og auke porsjonsmengde av ei oppskrift. Dette skal resultere i eit skriftleg arbeid som blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent, ev. med karakter.

Først går ein gjennom oppgåva i fellesskap. Lærar leverer ev. ut blad eller viser til lenkjer. Elevane vel sjølv oppskrifter, og jobbar med å løyse oppgåva. Læraren rettleiar elevane i arbeidet.

Elevane reflekterer over val av oppskrifter i oppgåva. Læraren gir vurdering i form av godkjent/ikkje godkjent. Det er mogleg å gi formell vurdering i form av karakter om ønskjeleg. Ein kan også nytte oppgåva til ein munnleg presentasjon.

Elevane treng tilgang til oppgåvearket, anten som kopi eller digital versjon. I tillegg treng ein engelskspråklege blad (t.d. BBC Good Food som er å få kjøpt i norske kioskar) ev. nettsider (jfr. foreslegne lenkjer over). Elevane treng kalkulator og ev. formlar for omrekning frå amerikansk måleeining til europeiske måleeining og auking av oppskrift. Det kan vere lurt å ha ordbøker tilgjengeleg, også fagspesifike ordbøker (t.d. gastronomisk ordbok) og visuelle ordbøker