Historia til yrket ditt

Beskrivelse: 

Foto: Bertil Erichson, NTB/Scanpix. Lisens: CC-by-nc-sa

Elevane skal i dette undervisningsopplegget trene seg på å uttrykke seg munnleg. Sluttproduktet er ei førelesing om programfaget si historie med forklaring av minst eitt fagomgrep ved hjelp av PowerPoint med illustrasjonar. Undervisningsopplegget kan med hell nyttast tverrfagleg.

Elevane brukar lærebøker og andre ressursar til å setje seg inn i utviklinga av elektrofaget (elektrodynamikken) frå den spede byrjinga på 1600-talet og til i dag.

I programfaget får elevane den teoretiske bakgrunnskunnskapen. Norskfaget legg rammer i forhold til den munnlege framføring. Sjå det vedlagte dokumentet for nærare skildring av undervsiningsopplegget, framgangsmåtar og læringsstrategiar.

I dette undervisningsopplegget jobbar ein med fleire læreplanmål. Elevane får vurdering med karakter i norskfaget, men programfaglæraren kan også kome med ei fagleg vurdering av innhaldet i føredraget. Vurderingskriteria avklarast med klassen.

Datamaskin med PowerPoint eller liknande verkty.