Britain's Youngest Head Chef

Beskrivelse: 

"Britain's Youngest Head Chef" er eit undervisningsopplegg knytt til den timeslange dokumentaren frå 2012 ved same namn. Elevane jobbar med grunnleggjande ferdigheiter knytt til lytting og munnleg aktivitet. Elevane ser dokumentaren og finn svar på utdelte spørsmål om handlingane og personane i filmen. Til slutt diskuterer ein filmen og spørsmåla i lag og oppsummerer.

Før ein startar filmen går ein gjennom omgrep som dukkar opp og som kanskje ikkje er kjende for elevane. T.d. Chef patron og Leavers' Ball (sjå vedlegget "Britain's Youngest Head Chef"). Vidare deler ein inn klassen i Student A, Student B og Student C, som då les gjennom spørsmåla som korresponderer med bokstaven dei har fått. Slik vil det vere fleire elevar som jobbar med A-spørsmåla, B-spørsmåla og C-spørsmåla. Så ser ein filmen i lag på storskjerm og elevane tek notatar til spørsmåla dei har fått tildelt. Etter filmen, set alle A-elevane seg saman, alle B-elevane og alle C-elevane, og diskuterer spørsmåla. Slik vil elevane få diskutert spørsmåla og finne utfyllande svar (nokre har gjerne fått med seg meir eller mindre enn andre). Vidare set elevane seg saman på gruppe med ein A-elev, ein B-elev og ein C-elev, som då gjennfortel/oppsummerer dei han/ho har funne av svar på sine spørsmål, slik at dei to andre elevane kan fylle ut dei spørsmåla dei ikkje har svart på sjølve. I denne økta kan læraren gå innom dei ulike gruppene og rettleie, lytte, hjelpe samtalen i gang osb. Før ein avsluttar økta oppsummerer ein i fellesskap, og diskuterer dei to utheva spørsmåla i vedlegget "Britain's Youngest Head Chef"."

Det er ikkje tenkt noko formell vurdering til dette opplegget. Opplegget er tenkt som ei øving i munnleg engelsk samt lytteferdigheiter og kommunikasjon. Læraren kan sjølvsagt observere aktiviteten til elevane og gi tilbakemelding på dette til elevane på eit meir uformelt nivå. Opplegget kan også inngå i eit større opplegg der ein t.d. ser på merkevarebygging, PR, medieframstilling o.l. Det finnast mange avisartiklar om Britain's youngest head chef Luke Thomas, med ulik vinkling og framstilling av personen.

Klasserom med projektor. Kopiar av Worksheet Britain's Youngest Head Chef. Elevane treng skrivesaker. Filmen: Britain's Youngest Head Chef (diverre ligg ikkje denne på YouTube lenger, men skal vere mogeleg å finne på nettet).