Hest og hestehald: Ta av sko. Munnleg instruksjon

Beskrivelse: 

Elevane skal bruke kunnskapar frå programfag og norsk ved å bruke retoriske verkemiddel i ein instruks i korleis ein tek av hestesko.

Sluttresultatet skal vere ein munnleg instruksjon på 5-10 minutt.

Instruksjonen skal bli heldt for medelevar.

Aktiviteten inkluderar bruk av dei retoriske appellformene etos, patos og logos.

Føresetnad for undervisingsopplegget er at dei tre appellformene etos, patos og logos er kjende for elevane, eller at det blir brukt tid uavhengig av dette undervisingsopplegget for å gå gjennom dette. Det kan med fordel setjast av litt tid til å repetere appellformene i samband med denne undervisinga, dersom appellformene har blitt gjennomgått før.

Forarbeid: Start med ein samale i klassen om kva som er typisk for ein god instruksjon. Skriv opp punkta som kjem opp på tavla. Eks. "ikkje for lang", "godt førebudd", "gjennomtenkt", "språk vi forstår", osv.

Vis filmklipp (frå Youtube) av instruks av korleis ein tek av ein hestesko (ca. 2-3 min). Eksempel: http://www.youtube.com/watch?v=-PAmJ31hnTk. Diskuter klippet. Er dette ein god instruks? I så fall, kvifor? Er det noko som kunne vore betre i instruksjonen? Kva er det viktig å hugse på? Kva må ein gjere, og kva må ein unngå? Kva kan skje dersom dette ikkje blir gjort riktig?

Bruk litt tid på å diskutere korleis dei tre retoriske appellformene kjem fram i denne instrusjonen Eks. Etos: Korleis framstiller taleren seg sjølv? Kva for inntrykk får vi av han? Kva får vi vite om bakgrunnen hans? Framstår han som truverdig på fagområdet? Logos: Er alt han seier riktig? Kom alle ledd i prosessen med? Manglar nokre viktige punkt? Var formidlinga sakleg, klar og god? Patos: Korleis skapa han kontakt med oss som tilhøyrarar? Blir fokus retta mot velferda til hesten? Er det noko anna som tala til kjenslene våre?

Presenter oppgåva: På grunnlag av denne gjennomgangen skal elevane lage ein eigen instruksjon av korleis ein tek av ein hestesko. Dei skal bruke punkta dei, saman med lærar, har kome fram til er viktige kjenneteikn på ein god instruks. Ein kan bruke eit vurderingsskjema utforma av lærar, eller i samarbeid med elevane, i arbeidet med instruksjonen (sjå eksempel vedlagt).

Hovudaktivitet: Individuelt arbeid, der kvar elev jobbar med sin eigen presentasjon.

Presentasjon av endeleg resultat: Munnleg instruksjon på 5-10 minutt per elev. Eleven kan/bør ta i bruk visuelle hjelpemiddel i instuksjonen. Eks.: Bilete, verktøy, etc.

Elevane kan vurdere sitt eige arbeid og kvarandre sine instruksjonar. I så fall etter modellen:

  1. Kva fungerte bra?
  2. Kva kunne bli enno betre? Her kan også vurderingssjema brukast.

Lærar kan vurdere den endelege instruksen med karakter, eks. Under middels, middels og over middels.

PC