Eg er omvisaren dykkar i dag!

Beskrivelse: 

Elevane jobbar tverrfagleg med å førebu ei omvising av ein attraksjon/sjåverdigheit i nærområdet for ei turistgruppe. Elevane jobbar med grunnleggjande ferdigheiter både i programfag, engelsk og norsk, samt konkrete læreplanmål i dei ulike faga. Elevane jobbar i grupper med å løyse oppgåva. Målet er å gi elevane øving i å planlegge og gjennomføre ei omvising for ei turistgruppe, og øve på kommunikasjon. Sluttproduktet vil vere ei reell omvising på engelsk, med tospråkleg brosjyre om attraksjonen/sjåverdigheiten samt blogginnlegg med evaluering og eigenvurdering.

I forkant av denne tverrfaglege oppgåva går dei ulike lærarane gjennom læreplanmål, teori, sjangerkrav og vurderingskriterium i sine fag/sin del av oppgåva.

Gruppene elevane blir delt inn i byrjar å førebu omvisinga si ved å velje seg ein attraksjon i nærleiken og finne informasjon om staden, utarbeide manuskript og fordele omvisinga på dei ulike elevane i gruppa. Gruppene må også velje seg ei turistgruppe (t.d. ut frå alder, nasjonalitet(ar), bakgrunn). Omvisinga skal vare max. 30 minutt. Gruppene lagar også ei brosjyre om attraksjonen med norsk og engelsk tekst. På ein fastsett dato gjennomfører gruppene si omvising, der dei resterande gruppene utgjer turistane som får omvising saman med faglærarane. Sjå vedlagt oppgåve for nærmare beskriving av oppgåveinnhaldet.

Variasjonar:

  • Lærarane vel ut konkret(e) attraksjon(ar) som elevane skal ha omvising på (kanskje særleg viss transport er vanskeleg).
  • Lærarane vel ut konkret turistgruppe som elevane skal førebu omvising til (t.d. med spesielle behov/ønsker)
  • Ein kan også redusere oppgåva til å inkludere programfag og berre norsk eller programfag og berre engelsk (eller utvide den til å inkludere matematikk og naturfag).

Sjå vedlagt oppgåve for vurdering i dei ulike faga. Eg er ikkje lærar i norsk eller programfag på Service og Samferdsle, så det kan vere fagspesifikke ting som burde vore med/annleis.

I etterkant av gjennomføring av det tverrfaglege arbeidet og omvisinga, skriv elevane eit blogginnlegg der dei evaluerer gruppearbeidet og kjem med eigenvurdering.

Læraren:

  • Førebu kopiar av oppgåva
  • Lage samarbeidsmapper på læringsplattformen
  • Dele klassen inn i gruppe
  • Organisere ev. transport til attraksjonane og ev. løyve til å nytte attraksjonane til undervisningsføremål

Elevar:

  • Ha relevante lærebøker og PC med på skulen til kvar av øktene