Red herrings and other fishy business

Beskrivelse: 

Undervisningsopplegget tek for seg vokabular knytt til fiskeartar og sjømat som er vanleg å bruke i matlaging. Elevane jobbar med å tileigne seg vokabularet på ein visuell måte. Første del av opplegget er ei visuell ordliste, der elevane finn ut kva fiskeartar og sjømat heiter på norsk. Dei får øving i å slå opp i ordbok. Andre del tek for seg innøving av orda dei har i ordlista si. Her spelar dei triple memory i par eller små grupper. Den tredje aktiviteten er eit word puzzle som elevane løyser. Opplegget er tenkt som ein klasseromsaktivitet, og passar godt som del av stasjonsundervisning.

Maleri av den italienske maleren Giovan Battista Ruoppolo.
Lisens: CC-PD-Mark

Som ein førlæringsaktivitet kan lærar og elevar saman brainstorme om fisk- og sjømat, kva elevane kjenner til frå før innanfor tema, og kva dei har jobba med i programfaga.

Vokabularøving:

Elevane jobbar så med å finne ut kva dei engelske glosene i ordlista heiter på norsk. Dei fyller inn fisk- og sjømat som dei kjenner frå før, og slår opp det dei ikkje kan i ordboka. Her kan elevane jobbe i par, slik at dei kan samarbeide om å fylle inn ordlista.

Triple memory:

Vidare jobbar elevane i par eller grupper med triple memory. Elevane snur korta med biletsida ned og sprer dei utover pulten, i tre haugar, ein med fiskebileta, ein med dei norske orda og ein med dei engelske orda. Så snur ein elev eit kort frå kvar haug, om biletet, det engelske ordet og det norske ordet høyrer i hop, samlar eleven inn korta i eit stikk. Stemmer det ikkje, snur eleven korta att, og det er nestemann sin tur. Slik går rundane til alle korta er samla inn. Eleven med flest stikk, vinn. 

Word puzzle:

Elevane leitar etter fisk- og sjømatorda i puslekrysset. Orda går også baklengs og på skrå. 

Opplegget øver ordforråd, så det er ikkje lagt opp til noko vurdering. Likevel, det er det ingenting i vegen for å nytte ordinnlæringa til gloseprøve eller anna formelt vurderingsarbeid. Eller lage ein kahoot av bileta. 

Lærar:

  • Kopiere opp ordliste eller gjere den tilgjengeleg på læringsplattformen.
  • Kopiere opp, klippe ut og ev. laminere memory-kort.
  • Kopiere opp word puzzle.

Elevar:

  • Ta med ordbok.
  • Ta med skrivesaker.