Occupations in Building and Construction

Beskrivelse: 

Elevane jobbar med yrka på bygg og anleggsfag. Dei vel eit av yrka som programområdet leier til, og fordjupar seg i dette. Vidare vel ei form å presentere det dei har fordjupa seg i, anten munnleg eller skriftleg. Mottakargruppa for denne presentasjonen er ei tenkt gruppe med utvekslingsstudentar på besøk i Noreg. Elevane kan også velje ulike innfallsvinklar til kva dei vil presentere frå yrket. Opplegget øver skriftleg og munnleg kommunikasjon, fagvokabular og digitale ferdigheiter. 

 

Elevane byrjar med å velje seg eit yrke frå lista vedlagt oppgåvearket. Så vel korleis dei vil presentere yrket sitt. Dei kan velje mellom skriftlege sjangrar som brosjyre, tekst og artikkel, og munnlege sjangrar som PPT presentasjon, podcast/lydfil eller video, slik at dei kan få nytte den presentasjonsmåten dei føler dei mestrar. Det er også rom for eleven og læraren i samarbeid å tilpasse ut frå eleven sitt nivå og utviklingsrom.

Når dette er gjort, byrjar elevane å jobbe med å finne ein innfallsvinkel. I oppgåva er det nokre forslag til innfallsvinklar som elevane kan velje, om dei ønskjer det. Elevane jobbar med å førebu seg ved å leite etter informasjon, nytte informasjonen i arbeidet sitt og lage presentasjonen ut frå kva presentasjonsmåte/sjanger dei har valt. Læraren rettleiar elevane i arbeidet ved behov. 

Lærar og elevar blir einige om ein presentasjonsdato. Medelevar utgjer publikum for dei som har valt munnleg presentasjonsmåte. 

 

Læraren gir formell vurdering ut frå vurderingskriterium knytt til munnleg og skriftlege sjangrar (eksempel er med i oppgåvearket). Ein kan leggje til ei øving i eigenvurdering som del av oppgåva, og ev. nytte medelevvurdering om det passar seg i gruppa. 

Lærar:

  • Kopiere oppgåvetekst eller gjere den tilgjengeleg på læringsplattform.
  • Rettleie elevane i val av yrke, tema og arbeidsmåte (kanskje særleg elevar som er usikre).
  • Ha tilgjengeleg fotoapparat, kamera, mikrofonar o.l. 

Elevar:

  • Ha med PC.
  • Ha med læreboka i engelsk, lærebøker frå progamfag.
  • Mobiltelefon til foto/filming/lydopptak, Audacity e.l. lydopptak, Moviemaker e.l. til redigering av bilete/film.