Elektro og norsk - artikkel om el.avfall

Beskrivelse: 

På vg2 lærer elevane om farleg avfall og handsaming av dette både i programfaget og i samfunnsfag. I norsk skal elevane lære å skrive informative tekstar og skrive tekstar med fagterminologi frå programfaget.

Elevane skal finne og bruke fleire kjelder til informasjon for å kunne svare godt på oppgåva. Det er ein føresetnad at programfaglærar har gått igjennom fagstoff i klassen først, og om ein får samfunnsfaglæraren med er det sjølvsagt eit pluss.

Norsklærar må gå igjennom ulike typar artiklar og kjenneteikn på desse, og så kan elevane sjølve få bestemme korleis dei ynskjer å vinkle oppgåva. Til hjelp får elevane utdelt eit tekstbinderarkiv og ei skriveramme. 

Sluttproduktet skal vere ein informativ tekst i artikkelsjangeren. Når elevane får oppgåva ser ein også på vurdering og diskuterer kva som skal vurderast og korleis. Det ein vert einige om vert lagt i ei matrise som elevane får.

Fagstoff om skriving og kjeldetilvising må vere tema i norsktimane. Fagstoff om avfallshandtering er tema i programfag og evt. samfunnsfag.

Vurdering av det skriftlege arbeidet i norsk. Om ein ynskjer det kan programfag/samfunnsfag vere med å vurdere det faglege innhaldet.