Samansett tekst - reklamefilm for elevbedrift. Høver for alle utdanningsprogram.

Beskrivelse: 

I norskfaget jobbar elevane med samansett tekst og reklame. Kunnskapen dei får kan dei nytte til å lage reklamefilm for elevbedrift.

I undervisinga bør ein sjå på nokre reklamefilmar og sjå på kva verkemiddel som er nytta for at elevane skal ha føresetnader til å kunne lage sin eigen. 

Elevane må jobbe med å lage ei dreiebok som viser kva dei har planlagt og om dei får til eit prosjekt som let seg realisere. Det er meint at dette skal vere "lavterskel" og at elevane kan bruke mobiltelefonane sine til å filme med, og at dei nyttar gratis redigeringsprogram til redigeringa.

Sluttproduktet skal vere ein ferdig reklamefilm. I tillegg skal elevane peike på kva verkemiddel dei har brukt og grunngje kvifor dei har valt dei verkemiddela dei har

  • Gjennomgang av fagstoff, vise ulike døme på filmar osb. 
  • Utarbeide vurderingskriterium
  • Lage dreiebok og planlegge filmen
  • Filme
  • Redigere
  • Vise filmen og peike på kva verkemiddel ein har brukt og kvifor

Det ferdige produktet er ofte vanskeleg å vurdere. Ein mogleg måte å løyse det på, er å diskutere med elevane på førehand kva det er ein skal vurdere og slik få ei meir truverdig vurdering.

Mobiltelefon med kamera og pc med redigeringsprogram.