Lær norsklæraren flislegging

Beskrivelse: 

Fotograf: Sebastian Gonzalez

Dette undervisningsopplegget er eit tverrfagleg prosjekt mellom norsk og produksjon i byggteknikk vg2. Elevane skal i programfaget legge membran og vegg- og golvflisar. Arbeidet skal dokumenterast. Sluttproduktet er ein instruksjonsvideo publisert på You tube der ein skisserer arbeidsmetode, forklarar verkty og går nærare inn på materiale. Det skal også leggast ved ei dreiebok som dokumenterer arbeidsprosessen fram til sluttproduktet. Modelltekst er vedlagt.

Elevane organiserer seg i grupper med maks fire elevar i kvar gruppe.

Det første elevane gjer er å teikne skisse over veggen og golvet med fliser. Dette tek ein til to timar. Deretter legg ein membran. Det tek ein dag. Til slutt legg ein flisene. Sjølve flislegginga tek maks tre dagar. Dreiebok, logg og filming skjer undervegs.  

Sluttproduktet blir vurdert med karakter. Det skal også svarast på ei spørjeundersøkjing om yrkesretting av norskfaget i etterkant av arbeidet. 

Kamera, mobiltelefon, god musikk, fliselim, murerskei, bøtter, pussebreitt, fliser og anna relevant utstyr.