Kva er EU?

Beskrivelse: 

Undervisingsopplegg knytt til artikkel om EU som ligg på NDLA Samfunnsfag. Lesestrategiar og arbeid med vanskelege omgrep.

Førlesing:

Samtale, notere på tavla. Kva veit elevane om EU?

To og to: lag spørsmål om Eu – kva vil du vite meir om? Skriv spørsmål opp på tavla.

Vis kart over Europa som viser kor mange land som er med EU.

Lese sjølve teksten

-      Streke under vanskeleg ord/omgrep

-      Dele ut ordliste med ord som lærar har førebudd som vanskelege, og la elevane få prøve å fylle ut. To og to saman. La det vere opne nokre kolonner nedst, der kan elevane fylle i eigne ord.

-      Bruk gjerne ordbok

-      Felles gjennomgang

Etterarbeid:

-      Skriv 10 faktasetningar om EU

-      Vel 8 ord frå lista over, og skriv ein tekst der du gjer bruk av alle desse.

-      Til slutt: sjekk spørsmåla elevane hadde, og sjå om desse vart svart på.