Kva treng plantene for å vekse?

Beskrivelse: 

Dette er ei praktisk øving om plantevekst, som kan knyttast opp mot temaet Forskarspira i naturfag. 

Elevane set opp plantekulturar med karsefrø i plastkoppar, der det fjerner eit av dei fire vekstvilkåra (fuktighet, lys, næring og varme). Ein kan og gjerne setje opp ein kopp som har alle vekstvilkåra som ein kontroll. Eg har ikkje testa for karbondioksid i dette forsøket, men det går det og an å utvide med. 

 

 

Ressurser

Ein kan velje kor ope forsøket skal vere, t.d. ved at ein legg fram aktuelt utstyr og så kan elevane sjølv avgjere korleis dei vil setje opp koppane, eller at ein gir dei fullstendig frie tøyler ved å ikkje leggje fram noko anna utstyr enn frø og koppar. Ein kopp som skal ikkje skal ha lys kan t.d. bli satt i eit ubrukt skap, eller ha folie over seg. Eg brukar å leggje fram litt utstyr som dei kan, men ikkje må, nytte.   

Meininga med øvinga er å utvikle elevane sin dugleikar i å kunne planleggje eit forsøk der ikkje alle rammene er gitt på førehand.  

Øvinga er spesielt mynta på elevar som går MK, sidan dei skal dokumentere planteveksten med både bilete og tekst. 

Elevane skal skrive ein individuell rapport etter forsøket, som blir vurdert til godkjent eller ikkje-godkjent. 

Eit viktig punkt er om dei har tatt med bilete av alle dei ulike plantekulturane. 

Elevane jobbar i små grupper og gjennomfører øvinga i naturfagrommet. 

Me har eit kjøleskap tilgjengelig, som kan nyttast.