Mayday call of the Summit Venture

Beskrivelse: 

Trening i bruk av naudmelding til sjøs. Elevane lyttar til ei autentisk naudmelding og les transkripsjonen. Etterpå jobbar dei med å tolke "prowords" brukt i meldinga (mayday, pan-pan, out, break etc.), samt bruke nettet til å finne meir informasjon om ulykka. 

Læringsmål: 

  • Forstå og bruke eit yrkesretta ordforråd
  • Global lytting - forstå hovudtrekka i ein munnleg tekst
  • Bruke nettet til å finne detaljar om ei historisk ulykke
  • Øve seg på "prowords" brukt i radiotrafikk

 

Førlytting: 

  • Vis youtube-klippet "German Coast Guard"
  • Spør elevane om kva dei kan om prosedyrane rundt det å sende og motta naudmeldingar over VHF. Kan dei f. eks. fortelje kva fartøyet i youtube-klippet gjer feil? 
  • I youtube-klippet blir naudsignalet "mayday" brukt. Spør elevane om dei kjenner til liknande "prowords", og evt. om dei kan forklare kva dei betyr

Lytting:

  • Be elevane lese introduksjonen og sjå over glosane
  • Spel av naudmeldinga to gongar. Minn elevane på å følgje med i manuset mens dei lyttar, då lydkvaliteten til klippet er dårleg.

Etterlytting:

  • Be elevane parvis oppsummere hendinga, med så mykje detaljar som dei kan. Oppsummer i plenum.
  • Del ut oppgåvearket, med "proword"-oppgåva først. Be dei forklare kva orda betyr, og slå opp "procedure words" på Wikipedia for å finne forklaringa viss dei er usikre. Dei som er fort ferdige kan gå vidare og leite etter informasjonen på den andre sida. 
  • Bruk memory-spelet til å trene på orda. 

 

Viss du vil jobbe vidare med tematikken, kan du finne ein del god journalistikk på nettet, som f. eks. NPR-sendinga. Lesesterke elevar kan sjå på artikkelen frå gCaptain eller Saint Petersburg Times, som begge har illustrasjonar av ulykkesforløpet. 

Opplegget fungerte bra for elevar på fiske/fangst og akvakultur som skulle avlegge ROC-eksamen; mange hadde praksiserfaring frå fartøy og var kjente med radioprosedyrar frå før. Det kjente formatet gjorde at også mindre sterke elevar greide å forstå hendingsforløpet i teksten. 

  • Utskrift av manus og oppgåveark
  • Skrivesaker 
  • Datamaskin