The chainsaw

Beskriving: 

Elevane øver vokabular knytt til vedlikehald og trygg bruk av motorsag. Dette er førebuing til ein munnleg instruksjon i korleis vedlikehalde og bruke motorsag på ein trygg måte. Elevane får øving i yrkesretta vokabular og øver munnlege ferdigheiter. 

Foto: FEMA photo library. Lisens: PD
Kilde: Wikimedia commons

Elevane jobbar med å finne ut kva dei ulike delane av ei motorsag heiter på norsk og engelsk, og lagar seg slik eit gloseark. Det same gjer dei for dei ulike delane av tryggleiksutstyret, der elevane finn bilete av dei ulike delane og kva desse heiter på engelsk. Elevane øvar på vokabularet. Vidare nyttar elevane vokabularet og ev. støttevokabular til å førebu ein munnleg instruksjon. Elevane gjennomfører instruksjonen, med å vise på ei motorsag og på tryggleiksutstyret (her kan ev. elevane nytte eige utstyr).

 

Eit alternativ kan vere at engelsklæraren er med i skogen, der elevane gir instruksjon i ein realistisk situasjon. Opplegget kan inngå i eit tverrfagleg samarbeid med programfaglæraren. Engelsklæraren vurderer kommunikasjonen og formidling, og nytting av vokabular. I eit tverrfagleg samarbeid, kan programfaglæraren vurdere det skogsfaglege i instruksjonen. I etterkant kan elevane skrive eit refleksjonsnotat som eigenvurdering. 

Lærar:

- Kopi av motorsag-illustrasjon (vedlagt i lenkje, ev. anna kjelde)

- Kopi av tryggleiksutstyr gjort tilgjengeleg på læringsplattform

- Oversikt over vurderingskriterie

- Ei motorsag (og tryggingsutstyr)

Elevar:

- Skrivesaker

- Ordbok ev. PC

- (Motorsag) og tryggingsutstyr