Search page

Søket fant 19 resultater på 0.057 sekunder.

Søkeresultater

  1. Tut og køyr - arbeid med samansett tekst

    Opplegget tek sikte på å gi elevane erfaring med samansette tekstar, både å lese og vurdere slike tekstar, samt å sjølve produsere slike tekstar. Elevane får også trening i å formidle munnleg framfor ei forsamling.

    Opplegget tek også sikte på å gje elevane ein sjanse til å produsere ein fagtekst knytt til eige programområde. Her kan dei sjølve velje kva fagområde dei vil leggje vekt på. Samstundes får dei også erfaring med å produsere og publisere ein samansett tekst.

    DEI GRUNNLEGGANDE FERDIGHEITENE:

    Elevane skal trene på:

    brinor - 14.05.2013 12:07

  2. Artikkeloppgåve om avfallshandtering

    Arbeid med sjangeren saktekstar skal munne ut i at eleven skriv ein artikkel med tema frå programområdet sitt.

    Gjennom samtale, lesing og arbeid i klassen får ein sjå på korleis saktekstar er bygd opp. Ein ser på ulike typar innleiing, argumentasjon og avslutning og elevane får prøve seg på dei ulike delane sjølve.

    brinor - 03.10.2013 13:39

  3. Teikneseriar - kva og korleis fortel dei?

    Arbeid med teikneseriar etter læringsmål om samansett tekst. Lærar kan velje å dele klassen i grupper eller å la elevane jobbe åleine. Arbeidet kan munne ut i munnleg presentasjon med samansett tekst, skriftleg analyse eller ein læringsdiskusjon. Ein kan også ha kombinasjonar av desse.

    brinor - 13.05.2013 16:57

  4. Formelt brev. Dataelektronikk og norsk

    I programfaget dataelektronikk får elevane i oppgåve å levere eit skriftleg tilbod til ein skule som skal flytte inn i nye lokale. I firmaet som skal levere tilbodet får eleven rolla som IKT-ansvarleg og skal vurdere kva utstyr skulen treng, kva type oppkopling skulen må ha og dimensjonere denne. Det heile skal formulerast som eit formelt brev. Brevet skal vere skrive på ein slik måte at også ein som ikkje er datakyndig kan vurdere løysinga.

    brinor - 13.05.2013 18:01

  5. Korleis rekruttere ungdom til arbeid i transportbransjen? Argumenterande tekst

    Samarbeid mellom norskfaget og programfaget om å sjå på utfordringar innan rekruttering i transportbransjen. I norsk skal ein kunne argumentere skriftleg for sitt syn. Ein samtaler/diskuterer i full klasse, ser på ulike kjelder og vurderer desse. Sluttproduktet skal vere ein argumenterande tekst.

    brinor - 05.02.2014 14:36

  6. Arbeid med novelle

    Arbeid med leseforståing og verkemiddel i novelle. Høver som del av eit større arbeid med novelle.

    brinor - 10.01.2014 13:02

  7. Elektro og norsk - artikkel om el.avfall

    På vg2 lærer elevane om farleg avfall og handsaming av dette både i programfaget og i samfunnsfag. I norsk skal elevane lære å skrive informative tekstar og skrive tekstar med fagterminologi frå programfaget.

    Elevane skal finne og bruke fleire kjelder til informasjon for å kunne svare godt på oppgåva. Det er ein føresetnad at programfaglærar har gått igjennom fagstoff i klassen først, og om ein får samfunnsfaglæraren med er det sjølvsagt eit pluss.

    brinor - 09.01.2015 12:51

  8. Tilbod til grafisk formgjevingsfirma. Samarbeid dataelektronikk/norsk

    Ei samarbeidsoppgåve mellom dataelektronikk og norsk. Elevane skal vurdere behovet for utstyr i eit firma som driv med grafisk formgjeving (reklamebyrå, avis o.l.) og levere eit tilbod der dei skal levere ein pc (NB!. Ikkje Mac.) som er spesialtilpassa dei behova kunden har.

    Elevane skal vurdere og bestemme seg for kva komponentar som trengs, dei skal setje det inn i eit rekneark og skrive eit tilbodsbrev. Elevane skal også prøve seg som seljarar. Dei må lage ein presentasjon av løysinga si, og presentere den for kundane. I dette tilfellet er kundane resten av klassen.

    brinor - 14.05.2013 09:29

  9. Instruksjonsfilmar i transport og logistikk

    Klassen vert delt inn i grupper på 2-3 elevar. Gruppene skal lage ein instruksjonsfilm om eit emne innafor programfaget sitt. Forslag til emne: Lastesikring, korleis leggje kjetting på ein stor bil, lasting/lossing av stor bil, førstehjelp ved bilulukker osb. Gruppene kan gjerne kome med forslag til tema sjølv, men lærar må ha nokon i "reserve".

    brinor - 14.05.2013 09:56

  10. Opplegg til novella "Ingenting hendt" av Bjarte Breiteig

    Undervisningsopplegget er tenkt som ei førebuing til utplassering i ei industribedrift. Det er viktig at eleven tenkjer gjennom kva kontekst han går inn i på ein arbeidsplass, og syner respekt for arbeidssituasjonen og verdigrunnlaget til menneska som arbeider der.

    brinor - 14.05.2013 11:24

  11. Arbeid med faguttrykk

    Dataelektronikarfaget brukar mykje engelsk i fagspråket. Dette opplegget tek sikte på å få elevane til å bli medvitne på språkbruken, og få dei til å tenkje over om dei kan bruke norske ord og uttrykk som seier det same som dei engelske uttrykka. Dette kan inngå som ein del av arbeidet med språk i endring. Opplegget tek ikkje sikte på formell vurdering, men ein uformell diskusjon i klassen.

    brinor - 13.05.2013 17:18

  12. Reklame. NSB Julereisen

    Eit norskfagleg opplegg der ein arbeider med verkemiddel i samansette tekstar, reklame og også kjem inn på litteratur og faglege omgrep. Passar godt å jobbe med dette før jul.

    Gruppearbeid med munnleg framføring

    brinor - 19.04.2013 13:46

  13. Samansett tekst - reklamefilm for elevbedrift. Høver for alle utdanningsprogram.

    I norskfaget jobbar elevane med samansett tekst og reklame. Kunnskapen dei får kan dei nytte til å lage reklamefilm for elevbedrift.

    I undervisinga bør ein sjå på nokre reklamefilmar og sjå på kva verkemiddel som er nytta for at elevane skal ha føresetnader til å kunne lage sin eigen. 

    Elevane må jobbe med å lage ei dreiebok som viser kva dei har planlagt og om dei får til eit prosjekt som let seg realisere. Det er meint at dette skal vere "lavterskel" og at elevane kan bruke mobiltelefonane sine til å filme med, og at dei nyttar gratis redigeringsprogram til redigeringa.

    brinor - 09.01.2015 13:45

  14. Samansett tekst - opplegg for minoritetsspråklege

    Arbeid med reklame og verkemiddel i reklamefilmar. Etos, logos og patos er også omgrep ein skal innom. Gjennom arbeidet kjem ein innom dei norske folkeeventyra og også "det norske" slik det er representert i dag, med vekt på reality-tv. Til slutt skal ein kunne bruke kunnskap om kultur til å lage sin eigen reklame,

    brinor - 02.06.2015 13:20

  15. Behandling av spesialavfall og miljøgifter på bilreparasjon

    Ei samarbeidsprosjekt i faga dokumentasjon og kvalitet, engelsk og norsk. Elevane skal få kunnskap om kva spesialavfall ein finn på ein verkstad og korleis denne skal handsamast. Elevane skal også lage ei liste over spesialavfall på engelsk med norsk oversetting. Dei skal også kunne utarbeide ein plan for korleis dei vil handsame spesialavfall på ein verkstad. Dette skal presenterast munnleg.

    brinor - 25.04.2013 11:29

  16. Kva er EU?

    Undervisingsopplegg knytt til artikkel om EU som ligg på NDLA Samfunnsfag. Lesestrategiar og arbeid med vanskelege omgrep.

    brinor - 02.06.2015 12:32

  17. Alle kokar og bakar

    Opplegget tek sikte på å gi elevane erfaring med samansette tekstar, både å lese og vurdere slike tekstar, samt å sjølve produsere slike tekstar. Elevane får også trening i å formidle munnleg framfor ei forsamling.

    Ein vil også gje elevane ein sjanse til å produsere ein fagtekst knytt til eige programområde. Samstundes får dei også erfaring med å produsere og publisere ein samansett tekst.

    Sluttprodukt:

    Elevane lager si eiga oppskrift og presenterer denne munnleg for klassa.

    Eigenevaluering.

    brinor - 17.09.2013 14:25

  18. Helsefag og norsk. Foredrag knytt til reklame for eit produkt innan helse, kosthald eller livsstil

    Eit foredrag som skal ta utgangspunkt i ein reklamefilm eller trykt reklame som reklamerer for eit produkt som kan knytast til helse, livsstil og/eller kosthald.

    Ein må vise at ein kan tenkje ktitisk om produktet og måten det vert reklamert for produktet på.

    Undervegs i arbeidet må ein må truleg bruke ulike kjelder, og her bør ein vise til kjelder også undervegs i foredraget i tillegg til kjeldelista til slutt.

    Foredraget skal vurderast etter fagleg innhald både i programfaget og i norskfaget. Norskfaget kan i tillegg vurdere oppsett og sjølve framføringa.

    brinor - 25.04.2013 10:24

  19. Reklame for periodisk køyretykontroll

    I dette opplegget jobbar elevane tverrfagleg med programfaget og norsk. Munnleg: Formidle eit bodskap, fortelje om arbeidsprosessen. Skriftleg: Vere kort, klar og konkret når ein formidlar bodskapen

    Elevane skal lage ein reklamefilm for elevbedrifta si og den må innehalde at dei kan ta periodiske køyretøykontrollar (PKK) på verkstaden. Det er eit krav et dei skal seie noko om

    brinor - 13.05.2013 15:16