Yrkesrelevante bøker til lesetrening

Mange elevar treng øving i den grunnleggjande ferdigheiten lesing. Ein del elevar les av ulike årsakar svært dårleg og treng ekstra lesetrening. Diverre er mange av bøkene på lettlesenivå laga for barn som skal lære å lese, og har ofte barnsleg innhald. DK Publishing har ein slik serie, og sjølv om mange av bøkene ikkje er så interessante for vidaregåande-elevar, er nokre av faktabøkene relevante for ulike yrker. I vedlegget ligg forslag til bøker som kan nyttast innanfor ulike programområde, slik at ein både øvar lesing og jobbar med yrkesrelevante tema. Bøkene i pocket-format brukar å liggje på rundt 50 kr +/- i dei større norske/skandinaviske nettbokhandlane. Nokre av titlane er også tilgjengeleg som e-bok. 

Fil Download dk_readers.docx (15.24 KB)