Lag ein reklameannonse for linja di

Beskrivelse: 

Elevane skal lage ein reklameannonse for yrkeslinja si. Målet er å få elevar på ungdomsskulen til å søkje på denne linja. Dette opplegget kan fungere fint som gruppearbeid.

Grunnleggjande ferdigheiter:

  • å kunne uttrykkje seg munnleg
  • å kunne skrive
  • å kunne lese
  • å kunne bruke digitale verktøy

Sluttprodukt: Sluttproduktet skal vere ein annonse. Denne kan til dømes vere ein plakat eller ei PowerPoint-side. Elevane skal til slutt presentere produktet og grunngi vala dei har gjort.

Læraren bør ha gått gjennom dei viktigaste omgrepa innanfor analyse av sakprosa. Det kan òg vere lurt å gå gjennom / analysere ein annonse saman på førehand.

Elevane skal levere inn produktet sitt til vurdering. Dei skal òg halde ein presentasjon der dei forklarer og grunngir vala dei har gjort.