Aktuell film - Contagion

Film er eit medium elevane er godt kjende med, og som kan vere ein nyttig undervisningsressurs. Filmen "Contagion" frå 2011 tek opp tematikk som er aktuell i tida, nemleg globalisering og smittespreiing. Kort fortalt følgjer vi korleis ein dødeleg sjukdom spreier seg i verda, og korleis menneska handterar situasjonen. Filmen tek også opp fleire moralske tema som t.d. korleis media byggjer opp under frykt, og kven skal prioriterast i vaksineringskøen. Elles er filmen også interessant reint filmteknisk, med oppbygging av historien, bruk av verkemiddel og kameraføring. 

Filmen passar alle klassar, men er særskilt relevant for Helse- og Oppvekstfag og Restaurant- og Matfag. Filmen har 15 års aldersgrense og er ein thriller. Nokre scener kan verke støytande for sensitive personar. Filmen varer 1 time og 42 minutt. Elles er filmen å få kjøpt hos dei største butikkane som sel DVD/BluRay.

Trailer av filmen finn ein på YouTube: Contagion (2011) Official Exclusive 1080p HD Trailer. Det finnast også ferdige worksheets tilgjengeleg på internett, på sider som t.d. moviesheets.com.