Jamie Olivers matprogram

På RM er elevane ofte interessert i matprogram. Eg har nytta Jamie Oliver sine program i undervisninga, og elevane har uttrykt at dei finn dette både lærerikt og nyttig. Har ein t.d. Viaplay, ligg mange av programma tilgjengeleg med norsk tekst.

Oversikt over program som er nyttige i undervisninga:

- Jamie Olivers matereiser - 2010 - 12 års aldersgrense. Jamie reiser til Marokko, Andalucia, Stockholm, Venezia, Pyrineane (Frankrike), Athen. Episodane varer om lag 50 minutt. I tillegg til maten frå områda han besøkjer, viser han også kulturen frå området. Noko språkbruk.

- Jamie Olivers Amerika - 2009 - 12 års aldersgrense. Jamie reiser rundt i USA til Los Angeles, Wyoming, New York, Louisiana, Georgia til Florida, Arizona. Episodane varer om lag 50 minutt. I tillegg til å utforske matkulturen i dei ulike statane, opplever han også anna kultur, rasisme og diskriminering i sørstatane, gjengkriminalitet i L.A., cowboylivet i Wyoming og livet på eit reservat i Arizona m.m. Har fått noko kritikk for å syne slakting av dyr på nært hald. 

- Jamie Olivers Kosemat - 2014 - 12 års aldersgrense. Jamie lagar klassikarar som ein koser seg med. Episodane varer omlag 50 minutt. Jamie og barna lagar gamle favorittar på nye måtar.