Jamie Oliver's Family Christmas

Jamie Oliver's Family Christmas er ein matprogramserie frå 2009. Episodane er på om lag 20-30 minuttar kvar, og syner godt gamle og moderne mattradisjonar kring jul i ein britisk familie. Serien finnast på DVD og nokre strømmingstenester. 

  • Episode 1: Tek for seg førebuing og tillaging av kalkun og saus til denne.
  • Episode 2: Tek for seg brunsj, lunsj og snacks.
  • Episode 3: Tek for seg grønsakene som er tilbehøyr til julemiddagen.
  • Episode 4: Tek for seg dessertar, og kva ein kan lage av restar frå tradisjonelle juledessertar og -kaker.
  • Episode 5: Tek for seg alternativ selskapsmat i jula.

Særleg episode 1, 3 og 4 er nyttige på Restaurant- og Matfag. Elles er episode 1 også fin for å syne eksempel på tradisjonar og matkultur på andre programområder.