Search page

Søket fant 6 resultater på 0.059 sekunder.

Søkeresultater

  1. Britains Youngest Head Chef S01E01

    Videoen handlar om Storbritannias yngste kjøkkensjef Luke Thomas. Vi følgjer han når han startar sin eigen restaurant og prøver å skape eit namn. Vi får sjå oppturar og nedturar, haldningar og konfliktar som han opplever i løpet av året.

    kribef - 15.10.2013 14:22

  2. Piping techniques - BBC GoodFood.com

    Demonstrasjonsvideo som viser ulike sprøyteteknikkar. Frå peparkakemenn til cupcakes. Grundige demonstrasjonar av grunnleggande teknikkar.

    kribef - 03.09.2013 19:11

  3. English for my job (hospitality industry)

    Lenkje til nettside med interaktive vokabular- og grammatikkøvingar nyttige innanfor hotel, restaurant, turist og service-bransjen. Fyll-inn oppgåver med bilete, spørsmål og svar m.m. 

    kribef - 25.02.2015 09:35

  4. Cooking in Britain today

    Undervisningsopplegg frå British Council knytt til restaurantbransjen i Storbritannia. Nivået er intermediate + så det passar kanskje best til elevar med høgt språknivå. Elevane jobbar med matrelatert vokabular, ulike arbeidsoppgåver knytt til temaet, t.d. det å reflektere over nasjonale rettar, alias-aktige øvingar (beskriv ein matrett), quiz. Nokre av oppgåvene legg til grunn at elevane kjenner godt til matprogram og kjendis-kokkar frå Storbritannia, så her må ein kanskje tilpasse til norske elevar sin kjennskap. 

    kribef - 25.02.2015 10:20

  5. Red herrings and other fishy business

    Undervisningsopplegget tek for seg vokabular knytt til fiskeartar og sjømat som er vanleg å bruke i matlaging. Elevane jobbar med å tileigne seg vokabularet på ein visuell måte. Første del av opplegget er ei visuell ordliste, der elevane finn ut kva fiskeartar og sjømat heiter på norsk. Dei får øving i å slå opp i ordbok. Andre del tek for seg innøving av orda dei har i ordlista si. Her spelar dei triple memory i par eller små grupper. Den tredje aktiviteten er eit word puzzle som elevane løyser.

    kribef - 02.12.2014 10:58

  6. The Ultimate Food Truck

    Opplegget er eit gruppearbeid (pararbeid) om fenomenet food truck som stadig blir meir og meir populært og anerkjent, også i Noreg. Elevane jobbar med å utvikle kvart sitt food truck konsept som dei så legg fram munnleg for klassen. Opplegget øvar både digitale og munnlege og skriftlege grunnleggjande ferdigheiter. Som inspirasjon og førebuing til gruppearbeidet kan klassen sjå filmen "Chef" som handlar om ein kokk som startar med food truck.

    Bilde: http://amis30porboston.blogspot.no/2013/05/mayfair.html 

    kribef - 23.02.2015 11:04