Search page

Søket fant 24 resultater på 0.057 sekunder.

Søkeresultater

  1. Word Search Puzzles

    Ei nettside som har mange word puzzles (nokre har mange ord, andre færre). Mange av puslekryssa er relaterte til generelle engelskspråklege tema, men mange er også nyttige innanfor yrkesretta engelsk (t.d. Computer Jargon, Tools, Restaurant etc.). Det er løysingsforslag til alle puslekryssa. Skroll ned på sida, og finn det du treng!

    kribef - 31.07.2013 10:22

  2. BBC Radio 4 Farming Today podcast

    Podcasten tek føre seg ulike tema og problemstillingar innanfor landbruk, dyrehald og akvakultur i Storbritannia. Podcastane varer omlag 15 minutt, og er slik fine til bruk i lytteøvingar. Kan enkelt lastast ned.

    kribef - 18.12.2014 09:19

  3. BBC Radio 4 Inside Health - podcast

    Podcasten tek føre seg ulike helserelaterte tema knytt til helsevesenet (i Storbritannia), sjukdommar, medisinering osb. Podcast-episodane varer om lag 30 minutt. Programleiaren diskuterer ulike problemstillingar med gjester. Kvar podcast-episode tek føre seg ei rekkje tema, så det kan vere aktuelt å nytte berre delar av episoden. I alle høve, podcastane passar godt til lytteøvingar og øving i dialektforståing.

    kribef - 18.12.2014 09:44

  4. BBC Radio 4 Excess Baggage - podcast

    Podcasten tek føre seg ulike tema innanfor reiseliv. Ein del av podcast-episodane handlar om destinasjonar, medan andre handlar om reisemåtar og ulike opplevingar som t.d. familiereiser eller villmarksreiser. Podcastane varer om lag 30 minutt, og nokre tek føre seg ulike tema, medan andre fokuserer berre på eitt tema. Podcastane fungerer godt som lytteøving, i tillegg til at elevane får trening i ulike dialetar og variantar av engelsk. 

    kribef - 18.12.2014 09:51

  5. BBC Radio 5 live Let's Talk About Tech - podcast

    Podcast med ulike tema innanfor teknologi som t.d. droner, e-bøker, 3D printing, dataspel og einskilde produkt. Episodane varar frå om lag 25 til 50 minutt. Passar godt som lytteøving. 

    kribef - 18.12.2014 14:12

  6. Skills Workshop Contextual Resources

    Nettstad med ulike kontekstuelle læringsaktivitetar og undervisningsopplegg. Nettstaden er laga for å dekkje britisk læreplan, og har engelskspråklege elevar som mottakargruppe. Men det er mogeleg å velje nivå, t.d. L2. Sida har også valmoglegheiter innanfor ulike yrkes- og fagområde t.d. construction carpentry plumbing, electrical, electronics and technology, hairdressing and beauty therapy, health, social care, early years etc. 

    kribef - 25.02.2015 10:48

  7. BBC - Podcasts and Downloads - Food Programme

    Ei samling podcastar frå BBC Radio 4 sitt Food Programme. Mange ulike tema, nokre meir aktuelle enn andre. Kvar podcast varer om lag 30 minutt. Kan lastast ned. Gode til lytteøvingar.

    kribef - 13.10.2014 11:52

  8. English for my job (hospitality industry)

    Lenkje til nettside med interaktive vokabular- og grammatikkøvingar nyttige innanfor hotel, restaurant, turist og service-bransjen. Fyll-inn oppgåver med bilete, spørsmål og svar m.m. 

    kribef - 25.02.2015 09:35

  9. Speak English - vokabular

    Speak English er ei nettside med mykje generelt og spesifikt vokabular. Vokabularet er i hovudsak britisk engelsk og kjem med oversettingar til bokmål. Dei engelske orda og setningane kan ein få opplest ved å trykkje på ordet/setninga. Sida har to hovudkategoriar, uttrykk og ordforråd, desse er igjen delt inn i tema som t.d. grunnleggjande uttrykk, naudssituasjonar, samtale, tid/dato, tal, fargar, møblar, bildelar, mat og drikke, menneskekroppen, arbeid...Fin side for elevar som har lite ordforråd og for elevar som vil ha ei kategorisert oversikt over vokabular. 

    kribef - 25.02.2015 09:58

  10. Growing a Nation - Agriculture in America

    Nettside med mange ulike ressursar innanfor amerikansk jordbrukshistorie. Sida har m.a. ei audio-visuel forteljing (foredragsrekkje) av utviklinga av amerikansk jordbrukshistorie (inkl. generell historie), tidslinje, lydfiler, videoar, bilete og illustrasjonar. Sida inneheld også undervisningsplanar for eit heilheitleg opplegg. Forteljarstemma i den audio-visuelle forteljinga snakkar ganske sakte og tydeleg. Nokre av tema er svært spesifikke for USA, t.d.

    kribef - 27.02.2015 11:00

  11. Cooking in Britain today

    Undervisningsopplegg frå British Council knytt til restaurantbransjen i Storbritannia. Nivået er intermediate + så det passar kanskje best til elevar med høgt språknivå. Elevane jobbar med matrelatert vokabular, ulike arbeidsoppgåver knytt til temaet, t.d. det å reflektere over nasjonale rettar, alias-aktige øvingar (beskriv ein matrett), quiz. Nokre av oppgåvene legg til grunn at elevane kjenner godt til matprogram og kjendis-kokkar frå Storbritannia, så her må ein kanskje tilpasse til norske elevar sin kjennskap. 

    kribef - 25.02.2015 10:20

  12. Functional Skills writing tasks for catering students

    Skriveøving med m.a. ulike korte, konkrete case-oppgåver og rettskriving. Det ligg ved vurderingskriterium, men desse er knytt til ein britisk læreplan. Oppgåvene i seg sjølv kan godt nyttast i høve til den norske læreplan. Lenkja vedlagt her, lenkjer vidare til andre restaurantfaglege oppgåver og ressursar (t.d. ulike skriverammer)

    kribef - 25.02.2015 10:43

  13. Elllo - lær engelsk

    Elllo er ei nettside med ulike nivådelte læringsressursar. Sida har m.a. nivådelte podcastar med manuskript, som omhandlar ulike tema - frå generelle til yrkesrelaterte. Sida inneheld eit stort podcastarkiv, og representerer ulike variasjonar innafor engelsk (som morsmål og framandspråk). Podcastane er korte, omlag 3-5 minutt og passar godt til lytteøving og gap-fill øvingar. Nokre av lydfilene har arbeidsark, lysbilete og andre tilleggsressursar. 

    kribef - 18.05.2015 09:39

  14. Can you identify the car part?

    Quiz med 37 spørsmål om ulike bildelar. Elevane ser på bilete av bildelane og vel eit av 3 alternative svar. Elevane øvar amerikansk bilvokabular. Nettsida har quizar til andre transportmiddel også, men desse verkar å vere laga for spesifikke område i USA (t.d. skulebusstryggleik for bussjåførar i Ohio) eller som er meint som rein underhaldning (t.d. kva biltype er du). 

    kribef - 25.02.2015 09:45

  15. Vilbli.no på engelsk - informasjon om utdanningar og yrker

    Vilbli.no er gjerne ei nettside mange elevar kjenner til frå søking til vgs, men sida kan også vere nyttig i samband med yrkesfaglege oppgåver, heildagsprøver og eksamen. Om ein vel den engelskspråklege versjonen av nettsida, får ein opp utdanningsprogram og informasjon om yrker på engelsk. Då slepp elevane å bruke mykje tid på å slå opp omgrep dei truleg ikkje finn i ei vanleg ordbok, i tillegg til at dei får med mange yrkesfaglege omgrep og beskriving av hovudarbeidsoppgåver og personlege eigenskapar innanfor dei ulike yrka.

    kribef - 24.11.2015 11:24

  16. Lyrics Training

    Lyrics Training er ei nettside der elevane kan øve grammatikk og ordforråd ved hjelp av musikkvideoar. Det finnast musikkvideoar frå mange ulike sjangrar, felles for alle er at sangteksten er synleg. Ein kan velje mellom ulik vanskegrad på oppgåvene (beginner, intermediate, advanced og expert) og mellom ulike oppgåver. T.d. fyll inn manglande ord, eller vel rett ord av fire alternativ. Elevane kan også konkurrere med seg sjølv, på tid og poeng-score. Musikkvideoen stoppar opp til eleven har skrive inn ordet/valt eit alternativ, før den fortset.

    kribef - 24.11.2015 11:15

  17. Learn English Teens British Council

    British Council har lenge hatt ulike ressursar for elevar og lærarar innanfor britisk engelsk språk og kultur. Learn English Teens er særskilt tilpassa ungdommar, og har ulike aktivitetar og ressursar innanfor ulike tema og ferdigheiter. Fleire aktivitetar er interaktive og elevane får umiddelbar respons. 

    Hovudkategoriane er;

    kribef - 25.11.2015 14:25

  18. Arbeidsark til film

    Av og til kan det vere vanskeleg å lage gode oppgåver til filmar ein jobbar med i klassen, eller ein har rett og slett ikkje tid til arbeide fram oppgåver. MovieSheets er ei nettside som har ulike arbeidsark og oppgåver knytt til ulike filmar og tv-program. Sida er m.a. delt inn i kategoriar, ut frå fag og tema, men har også søkefunksjon der ein kan søkje etter spesifikke filmar. Arbeidsarka har ulik vanskegrad og ser ut til å vere tilpassa det amerikanske klassetrinn-systemet. Bruk av arbeidsarka fell under Creative Commons Licence for klasseromsbruk. 

    kribef - 26.01.2016 09:36

  19. Kahoot - spices and herbs

    Kahoot-quiz med bilete. Elevane nyttar mobiltelefon/PC til å svare på quiz'en. Fin til øving av gloser, men kan vere litt vanskeleg. 

    kribef - 20.01.2016 08:16

  20. Kahoot - vegetables

    Kahoot-quiz om grønsaker. Vekkjer konkurranseinstinktet til elevane! Fin til øving av gloser. 

    kribef - 20.01.2016 08:10

Pages