Search page

Søket fant 3 resultater på 0.048 sekunder.

Søkeresultater

  1. Tut og køyr - arbeid med samansett tekst

    Opplegget tek sikte på å gi elevane erfaring med samansette tekstar, både å lese og vurdere slike tekstar, samt å sjølve produsere slike tekstar. Elevane får også trening i å formidle munnleg framfor ei forsamling.

    Opplegget tek også sikte på å gje elevane ein sjanse til å produsere ein fagtekst knytt til eige programområde. Her kan dei sjølve velje kva fagområde dei vil leggje vekt på. Samstundes får dei også erfaring med å produsere og publisere ein samansett tekst.

    DEI GRUNNLEGGANDE FERDIGHEITENE:

    Elevane skal trene på:

    brinor - 14.05.2013 12:07

  2. Samansett tekst - reklamefilm for elevbedrift. Høver for alle utdanningsprogram.

    I norskfaget jobbar elevane med samansett tekst og reklame. Kunnskapen dei får kan dei nytte til å lage reklamefilm for elevbedrift.

    I undervisinga bør ein sjå på nokre reklamefilmar og sjå på kva verkemiddel som er nytta for at elevane skal ha føresetnader til å kunne lage sin eigen. 

    Elevane må jobbe med å lage ei dreiebok som viser kva dei har planlagt og om dei får til eit prosjekt som let seg realisere. Det er meint at dette skal vere "lavterskel" og at elevane kan bruke mobiltelefonane sine til å filme med, og at dei nyttar gratis redigeringsprogram til redigeringa.

    brinor - 09.01.2015 13:45

  3. Helsefag og norsk. Foredrag knytt til reklame for eit produkt innan helse, kosthald eller livsstil

    Eit foredrag som skal ta utgangspunkt i ein reklamefilm eller trykt reklame som reklamerer for eit produkt som kan knytast til helse, livsstil og/eller kosthald.

    Ein må vise at ein kan tenkje ktitisk om produktet og måten det vert reklamert for produktet på.

    Undervegs i arbeidet må ein må truleg bruke ulike kjelder, og her bør ein vise til kjelder også undervegs i foredraget i tillegg til kjeldelista til slutt.

    Foredraget skal vurderast etter fagleg innhald både i programfaget og i norskfaget. Norskfaget kan i tillegg vurdere oppsett og sjølve framføringa.

    brinor - 25.04.2013 10:24