Search page

Søket fant 18 resultater på 0.044 sekunder.

Søkeresultater

  1. It's a Book by Lane Smith -- Book Trailer

    Videoklippet er i grunn ein trailer for ei biletbok for barn, men tema for videoen og boka kan brukast til diskusjon om medievanar. Apen i forteljinga er tradisjonell og les bøker, eselet er meir i takt med tida, og nyttar IKT.

    kribef - 13.05.2013 17:17

  2. Skills Workshop Contextual Resources

    Nettstad med ulike kontekstuelle læringsaktivitetar og undervisningsopplegg. Nettstaden er laga for å dekkje britisk læreplan, og har engelskspråklege elevar som mottakargruppe. Men det er mogeleg å velje nivå, t.d. L2. Sida har også valmoglegheiter innanfor ulike yrkes- og fagområde t.d. construction carpentry plumbing, electrical, electronics and technology, hairdressing and beauty therapy, health, social care, early years etc. 

    kribef - 25.02.2015 10:48

  3. Yrkesrelevante bøker til lesetrening

    Mange elevar treng øving i den grunnleggjande ferdigheiten lesing. Ein del elevar les av ulike årsakar svært dårleg og treng ekstra lesetrening. Diverre er mange av bøkene på lettlesenivå laga for barn som skal lære å lese, og har ofte barnsleg innhald. DK Publishing har ein slik serie, og sjølv om mange av bøkene ikkje er så interessante for vidaregåande-elevar, er nokre av faktabøkene relevante for ulike yrker. I vedlegget ligg forslag til bøker som kan nyttast innanfor ulike programområde, slik at ein både øvar lesing og jobbar med yrkesrelevante tema.

    kribef - 24.02.2015 08:39

  4. Speak English - vokabular

    Speak English er ei nettside med mykje generelt og spesifikt vokabular. Vokabularet er i hovudsak britisk engelsk og kjem med oversettingar til bokmål. Dei engelske orda og setningane kan ein få opplest ved å trykkje på ordet/setninga. Sida har to hovudkategoriar, uttrykk og ordforråd, desse er igjen delt inn i tema som t.d. grunnleggjande uttrykk, naudssituasjonar, samtale, tid/dato, tal, fargar, møblar, bildelar, mat og drikke, menneskekroppen, arbeid...Fin side for elevar som har lite ordforråd og for elevar som vil ha ei kategorisert oversikt over vokabular. 

    kribef - 25.02.2015 09:58

  5. Elllo - lær engelsk

    Elllo er ei nettside med ulike nivådelte læringsressursar. Sida har m.a. nivådelte podcastar med manuskript, som omhandlar ulike tema - frå generelle til yrkesrelaterte. Sida inneheld eit stort podcastarkiv, og representerer ulike variasjonar innafor engelsk (som morsmål og framandspråk). Podcastane er korte, omlag 3-5 minutt og passar godt til lytteøving og gap-fill øvingar. Nokre av lydfilene har arbeidsark, lysbilete og andre tilleggsressursar. 

    kribef - 18.05.2015 09:39

  6. Work placement

    Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram har ofte praksis eller utplassering i arbeidslivet. Då er det naturleg å nytte desse erfaringane dei har gjort seg i arbeid i engelsk. Denne oppgåva er ei rapportoppgåve og inneheld to variantar; ei oppgåve for elevar som har hatt utplassering i Noreg, og ei oppgåve for elevar som har hatt utplassering i utlandet. Elevane øvar seg i dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving og digitale verktøy. Rapporten kan vere skriftleg eller munnleg.

    kribef - 14.05.2013 11:32

  7. The five-paragraph essay at Restaurant and Food Processing

    Dette er ikkje eit reint undervisningsopplegg i så måte, men nokre døme på oppgåver som kan nyttast til å jobbe med five-paragraph essay på RM. Oppgåvene er i ulik grad knytt til spesifikke tema innanfor RM. Oppgåvene er tenkt som innleveringsoppgåve eller som heildagsprøveoppgåve. 

    kribef - 27.01.2015 12:01

  8. Describe the Picture

    Undervisningsopplegget er ei øving i å beskrive det dei ser på eit bilete. Elevane sit saman i par eller i små grupper og beskriv det dei ser på bilete. Dei andre prøvar å teikne det som blir fortalt. Elevane nyttar støttevokabular som preposisjonar, adjektiv osb. i tillegg til yrkesfagleg vokabular i beskrivingane. Opplegget dekkjer den grunnleggjande ferdigheiten innanfor munnleg kommunikasjon.

     

    kribef - 03.02.2015 14:05

  9. Extra! Extra! Read all about it!

    Elevane jobbar med kompetansemålet knytt til media, og sine respektive yrker (eller utdanningsprogram). I arbeidet øver elevane også digitale ferdigheiter, i leiting etter nyhende frå sitt fagområde. Dei øver skriving ved å skrive eit samandrag av nyhenda, og munnleg kommunikasjon ved å fortelje i klassen kva dei har funne ut. Opplegget er tenkt som ein klasseromsaktivitet utan formell vurdering.  

    kribef - 22.01.2015 10:37

  10. Out of sight, out of mind?

    Opplegget er ei vokabularøving som nyttar bilete som utgangspunkt. Her kan ein nytte bilete knytt til eit yrke (t.d. utstyr) eller meir generelt vokabular. Elevane er munnleg aktive og det kan bli ein viss konkurranse mellom elevane. Elevane skal identifisere bilete som er fjerna frå ei samling av fleire, gjerne fortast mogleg. 

    kribef - 27.02.2015 11:18

  11. Vilbli.no på engelsk - informasjon om utdanningar og yrker

    Vilbli.no er gjerne ei nettside mange elevar kjenner til frå søking til vgs, men sida kan også vere nyttig i samband med yrkesfaglege oppgåver, heildagsprøver og eksamen. Om ein vel den engelskspråklege versjonen av nettsida, får ein opp utdanningsprogram og informasjon om yrker på engelsk. Då slepp elevane å bruke mykje tid på å slå opp omgrep dei truleg ikkje finn i ei vanleg ordbok, i tillegg til at dei får med mange yrkesfaglege omgrep og beskriving av hovudarbeidsoppgåver og personlege eigenskapar innanfor dei ulike yrka.

    kribef - 24.11.2015 11:24

  12. Lyrics Training

    Lyrics Training er ei nettside der elevane kan øve grammatikk og ordforråd ved hjelp av musikkvideoar. Det finnast musikkvideoar frå mange ulike sjangrar, felles for alle er at sangteksten er synleg. Ein kan velje mellom ulik vanskegrad på oppgåvene (beginner, intermediate, advanced og expert) og mellom ulike oppgåver. T.d. fyll inn manglande ord, eller vel rett ord av fire alternativ. Elevane kan også konkurrere med seg sjølv, på tid og poeng-score. Musikkvideoen stoppar opp til eleven har skrive inn ordet/valt eit alternativ, før den fortset.

    kribef - 24.11.2015 11:15

  13. Learn English Teens British Council

    British Council har lenge hatt ulike ressursar for elevar og lærarar innanfor britisk engelsk språk og kultur. Learn English Teens er særskilt tilpassa ungdommar, og har ulike aktivitetar og ressursar innanfor ulike tema og ferdigheiter. Fleire aktivitetar er interaktive og elevane får umiddelbar respons. 

    Hovudkategoriane er;

    kribef - 25.11.2015 14:25

  14. Aktuell film - Contagion

    Film er eit medium elevane er godt kjende med, og som kan vere ein nyttig undervisningsressurs. Filmen "Contagion" frå 2011 tek opp tematikk som er aktuell i tida, nemleg globalisering og smittespreiing. Kort fortalt følgjer vi korleis ein dødeleg sjukdom spreier seg i verda, og korleis menneska handterar situasjonen. Filmen tek også opp fleire moralske tema som t.d. korleis media byggjer opp under frykt, og kven skal prioriterast i vaksineringskøen. Elles er filmen også interessant reint filmteknisk, med oppbygging av historien, bruk av verkemiddel og kameraføring. 

    kribef - 26.01.2016 09:30

  15. UN's sustainable development goals

    I desember 2015 presenterte FN sine bærekraftsmål for dei neste 15 åra, med 17 mål for ei meir bærekraftig framtid. I dette undervisningsopplegget jobbar elevane med desse måla, sett opp mot ein global samanheng så vel som yrkesområdet sitt. Elevane jobbar i par eller grupper med kjelder, og problemløysing. I oppgåva får elevane øvd munnleg kommunikasjon, kjeldekritikk og argumentasjon.

    kribef - 25.01.2016 10:47

  16. Arbeidsark til film

    Av og til kan det vere vanskeleg å lage gode oppgåver til filmar ein jobbar med i klassen, eller ein har rett og slett ikkje tid til arbeide fram oppgåver. MovieSheets er ei nettside som har ulike arbeidsark og oppgåver knytt til ulike filmar og tv-program. Sida er m.a. delt inn i kategoriar, ut frå fag og tema, men har også søkefunksjon der ein kan søkje etter spesifikke filmar. Arbeidsarka har ulik vanskegrad og ser ut til å vere tilpassa det amerikanske klassetrinn-systemet. Bruk av arbeidsarka fell under Creative Commons Licence for klasseromsbruk. 

    kribef - 26.01.2016 09:36

  17. British English and American English

    Elevane skal kjenne forskjellar mellom ulike variasjonar av engelsk. Denne oppgåva tek for seg nokre forskjellar i ord i britisk og amerikansk engelsk. Oppgåva er laga med tanke på elevar som treng visualisering av vokabular. Elevane skal finne ut kva orda beskrive i bileta er på britisk og amerikansk engelsk.

    kribef - 11.09.2013 15:59

  18. Teaching English - British Council

    Nettstad frå British Council med idear, ressursar og materiale for undervisning i engelsk. Særskilt god på litteratur og poesi, med tekstar, lydfiler, før- og etterlesingsaktivitetar og forslag til arbeid med teksten (lesson plans, teacher's guide etc.). Både kjende og nye forfattarar/tekstar. T.d. The Landlady av Roald Dahl, med lydfiler, tekst og oppgåver. 

    kribef - 02.03.2017 10:03