Search page

Søket fant 6 resultater på 0.055 sekunder.

Søkeresultater

  1. Pastry Chef - video work

    Introduksjonsaktivitet til konditoryrket. Elevane jobbar med videoklipp der ein australsk konditorlærling fortel om yrkesvalet sitt, kva oppgåver ho har hatt som lærling og kva ein konditor typisk gjer. Elevane jobbar med vokabular og spørsmål knytt til videoklippet.

    kribef - 15.10.2013 13:42

  2. Britain's Youngest Head Chef

    "Britain's Youngest Head Chef" er eit undervisningsopplegg knytt til den timeslange dokumentaren frå 2012 ved same namn. Elevane jobbar med grunnleggjande ferdigheiter knytt til lytting og munnleg aktivitet. Elevane ser dokumentaren og finn svar på utdelte spørsmål om handlingane og personane i filmen. Til slutt diskuterer ein filmen og spørsmåla i lag og oppsummerer.

    kribef - 10.04.2014 13:21

  3. Madhur Jaffrey and Indian cooking

    Opplegget er ei lytteøving basert på ein podcast frå BBC Radio 4 programmet Food Programme. Programmet handlar i hovudsak om TV-kokken og kokebokforfattaren Madhur Jaffrey og hennar oppvekst og erfaringar med indisk mat i og utanfor India. Programmet tek også føre seg endringar i matkulturen og samfunnet i det moderne India. Elevane lyttar til podcasten og hentar ut informasjon som dei nyttar til å svare på spørsmål. I tillegg får elevane øving i ulike engelske dialektar, og då særleg indisk-engelsk. Opplegget er tenkt som ein timeaktivitet, ev.

    kribef - 26.01.2015 11:51

  4. Women in the Kitchen

    I denne læringsaktiviteten jobbar elevane med ulike ting. Opplegget er i hovudsak ei lytteøving ved bruk av podcast, men tek opp aktuelle tema som likestilling og kjønnsfordelinga på professionelle kjøkken. I tillegg får elevane øva dialektforståing og ulike variasjonar av engelsk. Elevane jobbar med spørsmålsark medan dei lyttar til podcasten. Spørsmåla kan ein nytte til vidare diskusjon om likestilling og kjønnsfordeling, og t.d. samanlikne med Noreg. 

    kribef - 18.12.2014 07:55

  5. Kings of Pastry

    Elevane jobbar med oppgåver knytt til dokumentaren "The Kings of Pastry" som omhandlar konditor- og sukkerarbeid. Vi følgjer Jaccquy som førebur seg til ein viktig fransk fagkonkurranse. Elevane ser filmen, observerar prosessane, teknikkane og vokabularet brukt i førebuinga til konkurransen, og på konkurransedagane. Elevane øver grunnleggjande ferdigheiter i kommunikasjon. Filmen passar nok best for middels til sterke elevar, då store delar av dialogen foregår på fransk og er teksta på engelsk. 

    kribef - 12.02.2015 08:19

  6. British English and American English

    Elevane skal kjenne forskjellar mellom ulike variasjonar av engelsk. Denne oppgåva tek for seg nokre forskjellar i ord i britisk og amerikansk engelsk. Oppgåva er laga med tanke på elevar som treng visualisering av vokabular. Elevane skal finne ut kva orda beskrive i bileta er på britisk og amerikansk engelsk.

    kribef - 11.09.2013 15:59