Search page

Søket fant 17 resultater på 0.055 sekunder.

Søkeresultater

  1. How to operate a construction machine

    Kort differensiert skriveoppgåve om anleggsmaskiner. Elevane skal skrive kort om ei valfri anleggsmaskin, og gi ei kort beskriving av kva maskina blir brukt til og korleis denne fungerer. Elevane skal også skrive noko om korleis ein brukar maskina på ein trygg måte. Oppgåva kan også vere utgangspunkt for ein munnleg aktivitet.

    Grunnleggjande dugleik: å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg.

    kribef - 13.05.2013 15:11

  2. Britain's Youngest Head Chef

    "Britain's Youngest Head Chef" er eit undervisningsopplegg knytt til den timeslange dokumentaren frå 2012 ved same namn. Elevane jobbar med grunnleggjande ferdigheiter knytt til lytting og munnleg aktivitet. Elevane ser dokumentaren og finn svar på utdelte spørsmål om handlingane og personane i filmen. Til slutt diskuterer ein filmen og spørsmåla i lag og oppsummerer.

    kribef - 10.04.2014 13:21

  3. A Tudor Feast

    Tudor-tida var ein viktig periode i engelsk historie, og svært forskjellig frå den moderne tida vi lever i no. Mat er noko menneska har vore oppteken av i alle tider, og er ein del av kulturen. I dette opplegget ser elevane ein dokumentar som tek føre seg korleis eit tudorsk festmåltid blir til. Historikarane fortel om prosessar, ingrediensar og råvarer som blir brukt medan dei lagar maten. Elevane jobbar med spørsmål til det dei ser; korleis eit tudorsk kjøkken fungerer, kva mat dei hadde, og kva seder og tradisjonar som var knytt til eit festmåltid hjå dei rike.

    kribef - 29.01.2014 11:10

  4. Describe the Picture

    Undervisningsopplegget er ei øving i å beskrive det dei ser på eit bilete. Elevane sit saman i par eller i små grupper og beskriv det dei ser på bilete. Dei andre prøvar å teikne det som blir fortalt. Elevane nyttar støttevokabular som preposisjonar, adjektiv osb. i tillegg til yrkesfagleg vokabular i beskrivingane. Opplegget dekkjer den grunnleggjande ferdigheiten innanfor munnleg kommunikasjon.

     

    kribef - 03.02.2015 14:05

  5. Extra! Extra! Read all about it!

    Elevane jobbar med kompetansemålet knytt til media, og sine respektive yrker (eller utdanningsprogram). I arbeidet øver elevane også digitale ferdigheiter, i leiting etter nyhende frå sitt fagområde. Dei øver skriving ved å skrive eit samandrag av nyhenda, og munnleg kommunikasjon ved å fortelje i klassen kva dei har funne ut. Opplegget er tenkt som ein klasseromsaktivitet utan formell vurdering.  

    kribef - 22.01.2015 10:37

  6. Women in the Kitchen

    I denne læringsaktiviteten jobbar elevane med ulike ting. Opplegget er i hovudsak ei lytteøving ved bruk av podcast, men tek opp aktuelle tema som likestilling og kjønnsfordelinga på professionelle kjøkken. I tillegg får elevane øva dialektforståing og ulike variasjonar av engelsk. Elevane jobbar med spørsmålsark medan dei lyttar til podcasten. Spørsmåla kan ein nytte til vidare diskusjon om likestilling og kjønnsfordeling, og t.d. samanlikne med Noreg. 

    kribef - 18.12.2014 07:55

  7. Kings of Pastry

    Elevane jobbar med oppgåver knytt til dokumentaren "The Kings of Pastry" som omhandlar konditor- og sukkerarbeid. Vi følgjer Jaccquy som førebur seg til ein viktig fransk fagkonkurranse. Elevane ser filmen, observerar prosessane, teknikkane og vokabularet brukt i førebuinga til konkurransen, og på konkurransedagane. Elevane øver grunnleggjande ferdigheiter i kommunikasjon. Filmen passar nok best for middels til sterke elevar, då store delar av dialogen foregår på fransk og er teksta på engelsk. 

    kribef - 12.02.2015 08:19

  8. Typhoid Mary

    Undervisningsopplegget handlar Typhoid Mary, smitte og hygiene. Opplegget er knytt til ein nyhendeartikkel om Typhoid Mary. Elevane jobbar med teksten og får slik øva leseferdigheitene. I arbeid med teksten og oppgåvene får elevane øva vokabular og leseforståing. I diskusjonar om teksten og tema den tek opp øver elevane munnleg kommunikasjon. Opplegget er meint som ein klasseromsaktivitet, og har ingen formell vurdering. Opplegget passar best for elevar med middels til god leseferdigheit og -forståing. 

    Lisens : CC-by-2.0

    kribef - 21.01.2015 12:53

  9. A Baker's Dozen

    Elevane jobbar med temaet baking. Elevane jobbar med tekstar, omgrep og vokabular knytt til temaet. Opplegget består av tre delar. Første del inneheld førebuande aktivitetar der elevane les forteljinga «A Baker’s Dozen» og finn ut om historia til baking/brød. I andre del jobbar elevane med vokabular for baking og bakevarer. I siste del jobbar elevane med oppgåver knytt til filmen «Wallace and Gromit: A Matter of Loaf and Death». Alle dei grunnleggande ferdigheitene blir dekt i større eller mindre grad. 

    kribef - 13.11.2014 14:32

  10. The Time Traveller

    Opplegget er eit rollespel, der elevane jobbar fram dialog og spelar ut det dei har laga. Rollespelet går ut på at elevane får besøk av ein person som har teke ei tidsreise frå 1805, og som er svært forundra og nysgjerrig på alle dei tenkologiske duppe-dittane vi har i 2015. I rollespelet skal ein slik moderne duppe-ditt forklarast for den tidsreisande. Elevane øver munnleg språk og det å forklare teknologi til ein lekmann. Elevane øver også historie, då dei i førebuingane må setje seg inn i teknologi som fanst/ikkje fanst på tidleg 1800-tal. 

     

    kribef - 27.02.2015 12:52

  11. Our House

    Undervisningsopplegget tek føre seg dei mest vanlege (og mindre vanlege) hustypane ein finn i Storbritannia. Elevane jobbar med vokabularøving og opplegget kan nyttast som inngangsport til temaet hus og husbyggjing. Opplegget er tenkt som ein timeaktivitet utan formell vurdering. Forslag til utvidingar er beskrive nedanfor.

    kribef - 23.02.2015 13:50

  12. Lifestyle diseases

    Arbeidsoppgåve om livsstilsjukdommar, der elevane skal fortelje om ein livsstilsjukdom til pasient/brukar og pårørande. Presentasjonen elevane førebur er ein teoretisk del der dei presenterer sjukdommen, og informerer om den (sjå vedlegg), og ein praktisk del der dei viser ei arbeidsoppgåve ein helsefagarbeider vil utføre med pasient/brukar knytt til sjukdommen. Oppgåva er ei øving i å kunne presenterer medisinsk informasjon på ein måte som lekpersonar kan forstå, samt syne ei helsefagleg arbeidsoppgåve og forklare denne. Det er øving i munnleg kommunikasjon.

    kribef - 13.01.2016 12:59

  13. UN's sustainable development goals

    I desember 2015 presenterte FN sine bærekraftsmål for dei neste 15 åra, med 17 mål for ei meir bærekraftig framtid. I dette undervisningsopplegget jobbar elevane med desse måla, sett opp mot ein global samanheng så vel som yrkesområdet sitt. Elevane jobbar i par eller grupper med kjelder, og problemløysing. I oppgåva får elevane øvd munnleg kommunikasjon, kjeldekritikk og argumentasjon.

    kribef - 25.01.2016 10:47

  14. Eg er omvisaren dykkar i dag!

    Elevane jobbar tverrfagleg med å førebu ei omvising av ein attraksjon/sjåverdigheit i nærområdet for ei turistgruppe. Elevane jobbar med grunnleggjande ferdigheiter både i programfag, engelsk og norsk, samt konkrete læreplanmål i dei ulike faga. Elevane jobbar i grupper med å løyse oppgåva. Målet er å gi elevane øving i å planlegge og gjennomføre ei omvising for ei turistgruppe, og øve på kommunikasjon. Sluttproduktet vil vere ei reell omvising på engelsk, med tospråkleg brosjyre om attraksjonen/sjåverdigheiten samt blogginnlegg med evaluering og eigenvurdering.

    kribef - 10.06.2014 14:40

  15. The chainsaw

    Elevane øver vokabular knytt til vedlikehald og trygg bruk av motorsag. Dette er førebuing til ein munnleg instruksjon i korleis vedlikehalde og bruke motorsag på ein trygg måte. Elevane får øving i yrkesretta vokabular og øver munnlege ferdigheiter. 

    kribef - 19.01.2015 11:19

  16. Dos and don'ts in the workshop

    Todelt oppgåve i HMT for elevar på VG1 TIP.  I del 1 tek elevane utgangspunkt i eit bilete frå ein verkstad, der arbeidarane gjer "alt" feil. Elevane skriv ein tekst der dei beskriv kva som vert gjort feil, kvifor det er feil og kva konsekvensar det kan få for arbeidaren. Del 2 er instruksjon/rollespel rundt ein av situasjonane beskrive i biletet. Elevane får øving i både skriftleg og munnleg kommunikasjon, samt øving i samtale og instruksjon. Oppgåva er også praktisk, slik at teorisvake elevar kan bidra på likefot med teoristerke elevar. 

    kribef - 30.08.2016 14:38

  17. The Ultimate Food Truck

    Opplegget er eit gruppearbeid (pararbeid) om fenomenet food truck som stadig blir meir og meir populært og anerkjent, også i Noreg. Elevane jobbar med å utvikle kvart sitt food truck konsept som dei så legg fram munnleg for klassen. Opplegget øvar både digitale og munnlege og skriftlege grunnleggjande ferdigheiter. Som inspirasjon og førebuing til gruppearbeidet kan klassen sjå filmen "Chef" som handlar om ein kokk som startar med food truck.

    Bilde: http://amis30porboston.blogspot.no/2013/05/mayfair.html 

    kribef - 23.02.2015 11:04