Search page

Søket fant 7 resultater på 0.044 sekunder.

Søkeresultater

  1. Teikneseriar - kva og korleis fortel dei?

    Arbeid med teikneseriar etter læringsmål om samansett tekst. Lærar kan velje å dele klassen i grupper eller å la elevane jobbe åleine. Arbeidet kan munne ut i munnleg presentasjon med samansett tekst, skriftleg analyse eller ein læringsdiskusjon. Ein kan også ha kombinasjonar av desse.

    brinor - 13.05.2013 16:57

  2. Arbeid med novelle

    Arbeid med leseforståing og verkemiddel i novelle. Høver som del av eit større arbeid med novelle.

    brinor - 10.01.2014 13:02

  3. Opplegg til novella "Ingenting hendt" av Bjarte Breiteig

    Undervisningsopplegget er tenkt som ei førebuing til utplassering i ei industribedrift. Det er viktig at eleven tenkjer gjennom kva kontekst han går inn i på ein arbeidsplass, og syner respekt for arbeidssituasjonen og verdigrunnlaget til menneska som arbeider der.

    brinor - 14.05.2013 11:24

  4. Reklame. NSB Julereisen

    Eit norskfagleg opplegg der ein arbeider med verkemiddel i samansette tekstar, reklame og også kjem inn på litteratur og faglege omgrep. Passar godt å jobbe med dette før jul.

    Gruppearbeid med munnleg framføring

    brinor - 19.04.2013 13:46

  5. Samansett tekst - reklamefilm for elevbedrift. Høver for alle utdanningsprogram.

    I norskfaget jobbar elevane med samansett tekst og reklame. Kunnskapen dei får kan dei nytte til å lage reklamefilm for elevbedrift.

    I undervisinga bør ein sjå på nokre reklamefilmar og sjå på kva verkemiddel som er nytta for at elevane skal ha føresetnader til å kunne lage sin eigen. 

    Elevane må jobbe med å lage ei dreiebok som viser kva dei har planlagt og om dei får til eit prosjekt som let seg realisere. Det er meint at dette skal vere "lavterskel" og at elevane kan bruke mobiltelefonane sine til å filme med, og at dei nyttar gratis redigeringsprogram til redigeringa.

    brinor - 09.01.2015 13:45

  6. Samansett tekst - opplegg for minoritetsspråklege

    Arbeid med reklame og verkemiddel i reklamefilmar. Etos, logos og patos er også omgrep ein skal innom. Gjennom arbeidet kjem ein innom dei norske folkeeventyra og også "det norske" slik det er representert i dag, med vekt på reality-tv. Til slutt skal ein kunne bruke kunnskap om kultur til å lage sin eigen reklame,

    brinor - 02.06.2015 13:20

  7. Kva er EU?

    Undervisingsopplegg knytt til artikkel om EU som ligg på NDLA Samfunnsfag. Lesestrategiar og arbeid med vanskelege omgrep.

    brinor - 02.06.2015 12:32