Search page

Søket fant 5 resultater på 0.054 sekunder.

Søkeresultater

  1. Artikkeloppgåve om avfallshandtering

    Arbeid med sjangeren saktekstar skal munne ut i at eleven skriv ein artikkel med tema frå programområdet sitt.

    Gjennom samtale, lesing og arbeid i klassen får ein sjå på korleis saktekstar er bygd opp. Ein ser på ulike typar innleiing, argumentasjon og avslutning og elevane får prøve seg på dei ulike delane sjølve.

    brinor - 03.10.2013 13:39

  2. Formelt brev. Dataelektronikk og norsk

    I programfaget dataelektronikk får elevane i oppgåve å levere eit skriftleg tilbod til ein skule som skal flytte inn i nye lokale. I firmaet som skal levere tilbodet får eleven rolla som IKT-ansvarleg og skal vurdere kva utstyr skulen treng, kva type oppkopling skulen må ha og dimensjonere denne. Det heile skal formulerast som eit formelt brev. Brevet skal vere skrive på ein slik måte at også ein som ikkje er datakyndig kan vurdere løysinga.

    brinor - 13.05.2013 18:01

  3. Elektro og norsk - artikkel om el.avfall

    På vg2 lærer elevane om farleg avfall og handsaming av dette både i programfaget og i samfunnsfag. I norsk skal elevane lære å skrive informative tekstar og skrive tekstar med fagterminologi frå programfaget.

    Elevane skal finne og bruke fleire kjelder til informasjon for å kunne svare godt på oppgåva. Det er ein føresetnad at programfaglærar har gått igjennom fagstoff i klassen først, og om ein får samfunnsfaglæraren med er det sjølvsagt eit pluss.

    brinor - 09.01.2015 12:51

  4. Tilbod til grafisk formgjevingsfirma. Samarbeid dataelektronikk/norsk

    Ei samarbeidsoppgåve mellom dataelektronikk og norsk. Elevane skal vurdere behovet for utstyr i eit firma som driv med grafisk formgjeving (reklamebyrå, avis o.l.) og levere eit tilbod der dei skal levere ein pc (NB!. Ikkje Mac.) som er spesialtilpassa dei behova kunden har.

    Elevane skal vurdere og bestemme seg for kva komponentar som trengs, dei skal setje det inn i eit rekneark og skrive eit tilbodsbrev. Elevane skal også prøve seg som seljarar. Dei må lage ein presentasjon av løysinga si, og presentere den for kundane. I dette tilfellet er kundane resten av klassen.

    brinor - 14.05.2013 09:29

  5. Arbeid med faguttrykk

    Dataelektronikarfaget brukar mykje engelsk i fagspråket. Dette opplegget tek sikte på å få elevane til å bli medvitne på språkbruken, og få dei til å tenkje over om dei kan bruke norske ord og uttrykk som seier det same som dei engelske uttrykka. Dette kan inngå som ein del av arbeidet med språk i endring. Opplegget tek ikkje sikte på formell vurdering, men ein uformell diskusjon i klassen.

    brinor - 13.05.2013 17:18