Search page

Søket fant 7 resultater på 0.06 sekunder.

Søkeresultater

  1. The Digestive System

    Elevane jobbar tverrfagleg med fordøyingssystemet. Dei lærer vokabular knytt til tema samt bruk av ordbok. Vokabularet dei tileignar seg skal dei bl.a. nytte når dei skal skrive ein faktatekst om fordøyingssystemet. Dei øvar dei grunnleggjande dugleikane i lesing og skriving.

    kribef - 14.05.2013 11:10

  2. Word Search Puzzles

    Ei nettside som har mange word puzzles (nokre har mange ord, andre færre). Mange av puslekryssa er relaterte til generelle engelskspråklege tema, men mange er også nyttige innanfor yrkesretta engelsk (t.d. Computer Jargon, Tools, Restaurant etc.). Det er løysingsforslag til alle puslekryssa. Skroll ned på sida, og finn det du treng!

    kribef - 31.07.2013 10:22

  3. Planning activites for different age groups

    Dette er eit undervisningsopplegg for VG1 Helse- og oppvekstfag, der elevane skal planlegge aktivitetar og måltid for ulike aldersgrupper. Elevane skal presentere dette som ei munnleg framføring. Målet med opplegget er at elevane skal nytte yrkesfagleg kunnskap, øve munnlege dugleikar og gi ein presentasjon av eit yrkesfagleg emne. Elevane får med dette opplegget ei øving i munnleg engelsk, det å halde ei framføring og å presentere eit yrkesfagrelatert emne.

    kribef - 30.10.2012 13:00

  4. BBC Radio 4 Inside Health - podcast

    Podcasten tek føre seg ulike helserelaterte tema knytt til helsevesenet (i Storbritannia), sjukdommar, medisinering osb. Podcast-episodane varer om lag 30 minutt. Programleiaren diskuterer ulike problemstillingar med gjester. Kvar podcast-episode tek føre seg ei rekkje tema, så det kan vere aktuelt å nytte berre delar av episoden. I alle høve, podcastane passar godt til lytteøvingar og øving i dialektforståing.

    kribef - 18.12.2014 09:44

  5. Typhoid Mary

    Undervisningsopplegget handlar Typhoid Mary, smitte og hygiene. Opplegget er knytt til ein nyhendeartikkel om Typhoid Mary. Elevane jobbar med teksten og får slik øva leseferdigheitene. I arbeid med teksten og oppgåvene får elevane øva vokabular og leseforståing. I diskusjonar om teksten og tema den tek opp øver elevane munnleg kommunikasjon. Opplegget er meint som ein klasseromsaktivitet, og har ingen formell vurdering. Opplegget passar best for elevar med middels til god leseferdigheit og -forståing. 

    Lisens : CC-by-2.0

    kribef - 21.01.2015 12:53

  6. Human anatomy

    Opplegget er ei enkel vokabularøving innanfor anatomi. Elevane nyttar ei anatomidokke til å øve på kva ulike kroppsdelar og organ heiter på engelsk. Opplegget passar godt for elevar som har lærevanskar då dette er ei visuell og kinestetisk øving. 

    kribef - 21.01.2015 14:59

  7. Lifestyle diseases

    Arbeidsoppgåve om livsstilsjukdommar, der elevane skal fortelje om ein livsstilsjukdom til pasient/brukar og pårørande. Presentasjonen elevane førebur er ein teoretisk del der dei presenterer sjukdommen, og informerer om den (sjå vedlegg), og ein praktisk del der dei viser ei arbeidsoppgåve ein helsefagarbeider vil utføre med pasient/brukar knytt til sjukdommen. Oppgåva er ei øving i å kunne presenterer medisinsk informasjon på ein måte som lekpersonar kan forstå, samt syne ei helsefagleg arbeidsoppgåve og forklare denne. Det er øving i munnleg kommunikasjon.

    kribef - 13.01.2016 12:59